Side:Markusevangeliet (1870).djvu/41

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

paa deim og sagde: „Fyre Menneskja er det umoglegt, men ikkje fyre Gud, for allting er moglegt fyre Gud.“ 28 Og Petrus tok til Ords og sagde til honom: „Sjaa, me hava forlatet allting og fylgt deg.“ 29 Jesus sagde: „Sannlege segjer eg dykker, det er ingen som hever forlatet Hus elder Brøder elder Syster elder Fader elder Moder elder Kona elder Born elder Eigner fyre mi Skuld og Evangelium Skuld, 30 utan han skal faa hundradfaldt atter no i denne Tidi, Hus og Brøder og Syster og Møder og Born og Eigner saman med Forfylgningar, og i den komande Verdi det ævelege Livet. 31 Men mange, som ero dei fyrste, skulo verda dei sidste, og dei sidste dei fyrste.“

32 Men dei vaaro paa Vegen og gingo upp til Jerusalem, og Jesus gjekk fyre deim, og dei vaaro otteslegne og fylgde honom med Ræddhug. Og han tok dei tolv til seg atter og tok til at segja deim kvat som skulde timast honom: 33 „Sjaa, me ganga upp til Jerusalem, og Menneskje-Sonen skal verda yvergjeven til Øvsteprestarne og dei skriftlærde, og dei skulo døma honom til Dauden og yvergiva honom til Heidningarne; 34 og dei skulo spotta honom og hudflengja honom og sputta paa honom og døyda honom; og paa tridje Dagen skal han standa upp atte.“

35 Og Jakob og Johannes Sebedeussøner gingo til honom og sagde: „Meister, me vilde at du skulde gjera oss det som me vilja bidja deg um.“ 36 Og