Side:Markusevangeliet (1870).djvu/35

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

kringum seg, saago dei ingen meir utan Jesus einsaman med deim. 9 Og daa dei gingo ned etter Berget, baud han deim at dei ikkje skulde segja nokon kvat dei hadde seet, fyrr en Menneskje-Sonen var uppstaden fraa dei daude. 10 Og dei lagde dette Ordet paa Minne og spurde kvarandre kvat Uppstandingi fraa dei daude var. 11 Og dei spurde honom og sagde: „Kvi segja dei skriftlærde at Elias maa fyrst koma?“ 12 Og han sagde til deim: „Elias kjemer fulla fyrst og skipar i Lag atter. Og korso er det skrivet um Menneskje-Sonen? at han skal mangt lida og verda forsmaadd. 13 Men eg segjer dykker at Elias er ogso komen, og dei hava gjort med honom det som dei vilde, so som der er skrivet um honom.“

14 Og daa han kom til Læresveinarne, saag han myket Folk med deim, og skriftlærde som ordadest med deim. 15 Og det kom myken Otte yver alt Folket, so snart som dei saago honom, og dei sprungo til og helsade honom. 16 Og han spurde deim: „Kvat ordast de um med deim?“ 17 Og ein av Folket svarade: „Meister, eg hever ført Son min hit til deg; han hever ein maallaus Ande. 18 Og naar han griper honom, river han honom, og han frodar og gnister med Tennerna og turkast upp. Og eg talade med dine Læresveinar at dei skulde driva honom ut, og dei kunde ikkje.“ 19 Han svarade deim og sagde: „Aa, du vantruande Ætt, kor længe skal