Side:Markusevangeliet (1870).djvu/34

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

denne fraafallne og syndige Ætti, ved honom skal ogso Menneskje-Sonen blygjast, naar han kjemer i Æreglansen aat sin Fader med dei heilage Englom.

9. Kapitel.

Jesus verder umskapad paa Berget; talar um Elias, 2—13; driver ut ein maallaus og dauv Ande, 14—29; talar atter um sin Daude og Uppstanding, 30—32; lærer kven som er den fremste, 33—37; byder sine Læresveinar, ikkje at forbjoda den, som ikkje er imot deim, at driva ut Djevlar i hans Namn; byder deim, ikkje at forføra dei truande, 38—50.

1 Og han sagde til deim: „Sannlege segjer eg dykker, at det er nokre av deim, som her standa, som ikkje skulo smaka Dauden, fyrr en dei hava seet Guds Rike koma med Kraft.“

2 Og etter seks Dagar tok Jesus Petrus og Jakob og Johannes med seg og førde deim eine saman avsides upp aa eit høgt Berg; og han vardt umskapad fyre deira Augo. 3 Og hans Klæde vordo skinande og ovlege kvite som Snjo, so at ingen Bleikjar paa Jordi kann gjera deim so kvite. 4 Og der synte Elias med Moses seg fyre deim, og dei talade med Jesus. 5 Og Petrus tok til Ords og sagde til Jesus: „Meister, her er det godt fyre oss at vera, og me vilja gjera tri Stovor, ei aat deg, ei aat Moses, og ei aat Elias.“ 6 For han visste ikkje kvat han skulde segja, av di dei vaaro ovlege rædde. 7 Og det kom ei Sky og skygge yver deim, og or Skyi kom det ei Røyst som sagde: „Denne er min elskade Son; høyre honom!“ 8 Og rett som dei skodade