Side:Markusevangeliet (1870).djvu/31

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

og hava inkje at eta, 3 og um eg læter deim ganga fastande heim, vilja dei ormegta paa Vegen, og sume av deim ero langfarande.“ 4 Og hans Læresveinar svarade honom: „Kvar kann ein taka Braud her i Øydemarki og metta deim med?“ 5 Og han spurde deim: „Kor mange Braud hava de?“ Dei svarade: „Sjau.“ 6 Og han baud Folket at setja seg ned paa Marki, og han tok dei sjau Braudi og takkade og braut deim og gave sine Læresveinar til at leggja deim fram; og dei lagde deim fram fyre Folket. 7 Og dei hadde nokre Smaafiskar; og han velsignade og sagde at ogso dei skulde verda framlagde. 8 Men dei aaato og vordo mette, og dei toko upp sjau Korger med leivde Molar. 9 Men dei, som hadde etet, vaaro umkring fjore Tusund; og so leet han deim fara fraa seg. 10 Og med det same steig han i Baaaten med sine Læresveinar og kom i Bygdi ved Dalmanuta.

11 Og Farisearne gingo ut og toko til at ordast med honom og kravde av honom eit Teikn av Himmelen til at freista honom. 12 Og han sukkade tungt i sin Ande og sagde: „Kvifyre leitar denne Ætti etter eit Teikn? Sannlege segjer eg dykker, denne Ætti skal inkje Teikn verda gjevet.“ 13 Og han skildest fraa deim og steig i Baaten atter og foor burt paa hi Sida. 14 Og dei hadde gløymt at taka Braud med og hadde ikkje meir en eitt Braud med seg i Baaten. 15 Og han baud deim og sagde: