Side:Markusevangeliet (1870).djvu/3

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Denne Utgaava av Markus Evangelium er inkje beint fram ei Umslutning fraa det hjaa oss brukte Nytestamentet, men ho er yversett etter nokre av dei beste nyare Bibelumskrifter, jamførde med den upphavlege elder græske Texti. Yversetjaren heve ogso havt Auga paa dei Upplysningar, som me i den seinare Tidi hava fenget igjenom den grundigare Kjendskapen til dei gamle Handskrifter av den græske Texti. Skulde no denne Umskrifti paa nokre faae Stader i Meiningen brigda litetvetta fraa det, som hjaa oss er vordet kjendt, so kann Avbrigdet berre koma seg av detta. Den sidste Deil av 16de Kapitlet er sett i Klambr, daa han inkje so godt kann skriva seg fraa sjølve Markus, av di han inkje er funnen i dei allra eldste Handskrifter; men Innehaldet er, som det synest, teket fraa dei andre Evangelier.

Det er, etter det eg veit, fyrste Gongen at nokon Deil av den heilage Skrifti er yversett paa det norske Landsmaalet og framlagd fyre Aalmenningen. I di at eg fullt ut vyrder det priselege i at brøyta denne nye Vegen, vil eg ynskja, at Umskrifti maatte verda kjend, og at denne fyrste Freistnaden maatte faa eit velvillegt Mottak. Det