Side:Markusevangeliet (1870).djvu/28

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

drar meg med Lepom, men deira Hjarta er langt ifraa meg; 7 faafengt dyrka dei meg, med di dei læra slika Læror, som ero Menneskjebod. 8 De lata Guds Bog fara og halda Menneskje-Fyreskrifter, so som Tvætting paa Kannor og Drykkjekjerold; og mangt slikt gjera de.“ 9 Og han sagde til deim: „Snildt gjera de Guds Bod til inkjes, so de kunna halda dykkar eigne Fyreskrifter. 10 For Moses hever sagt: Heidra din Fader og di Moder, og: Den, som forbannar Fader elder Moder, skal Dauden døya. 11 Men de segja: Um nokon segjer til sin Fader elder si Moder: Det som du kunde verda hjelpt med av meg, det er Korban (ei Offergaava), 12 so giva de honom ikkje lenger Lov til at gjera nokon Ting fyre sin Fader elder si Moder, 13 og de gjera so Guds Bod til inkjes med dykkar Fyreskrifter som de sjølve hava sett; og mangt annat slikt gjera de.“ 14 Og han kallade Folket til seg atter og sagde til deim: „Lyde paa meg alle, og skyne! 15 Det finst ingen Ting utanfyre Mannen som kann vanhelga honom, naar det gjenger inn i honom; men det som gjenger ut av honom, det er det som vanhelgar Mannen. 16 Um nokon hever Øyro til at høyra, han høyre.“ 17 Og daa han hadde gjenget fraa Folket inn i eit Hus, spurde hans Læresveinar honom um denne Likningen. 18 Og han sagde til deim: „Ero de og so skynlause? Merka de ikkje at alt det, som utanfraa kjemer inn i Mannen, kann ikkje vanhelga