Side:Markusevangeliet (1870).djvu/24

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

tok Vare paa honom og gjorde mange Ting etter hans Raad og høyrde honom gjerna. 21 Og daa det kom ein høveleg Dag, daa Herodes hadde Gjestebod paa sin Fødsledag fyre sine Hovdingar og Herstyrarne og dei mætaste Menner i Galilea, 22 daa kom Dotter til Herodias inn og dansade og tekktest vel honom Herodes og deim som saato med honom. Daa sagde Konungen til Gjenta: „Bed meg um kvat du vil, og eg skal giva deg det.“ 23 Og han svor henne til: „Kvathelst du vil bidja meg um, skal eg giva deg, um det so var Helfti av mitt Kongerike.“ 24 Og ho gjekk ut og sagde til Moder si: „Kvat skal eg bidja um?“ Og ho sagde: „Hovudet av Johannes Døypar.“ 25 Og daa gjekk ho skundelege inn til Konungen og bad og sagde: „Eg vil at du giver meg no paa Timen Hovudet av Johannes Døypar paa eit Fat.“ 26 Og Konungen vardt myket sorgfull; men fyre Eidarne og fyre deira Skuld, som saato med honom, vilde han ikkje visa henne av. 27 Og med det same sende Konungen ein Vaktar av og baud honom at henta hans Hovud. 28 Og han gjekk og halshogg honom i Fengslet og bar hans Hovud fram paa eit Fat og gav det til Gjenta, og Gjenta gav det til Moder si. 29 Og daa hans Læresveinar høyrde detta, komo dei og toko hans Lik og lagde det i ei Grav.

30 Og Apostlarne samnadest til Jesus og fortalde honom alt, baade det som dei hadde gjort og