Side:Markusevangeliet (1870).djvu/19

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

langt burte, sprang han og fall ned fyre honom og ropade med høg Røyst og sagde: 7 „Kvat hever eg med deg at gjera, Jesus, Son til Gud den høgste? Eg sver deg ved Gud at du ikkje piner meg!“ 8 For han sagde til honom: „Kom ut av Mannen, du ureine Ande!“ 9 Og han spurde honom: „Kvat er ditt Namn?“ Og han sagde til honom: „Legio er mitt Namn, for me ero mange.“ 10 Og han bad honom myket at han skulde ikkje driva deim ut or det Landskapet. 11 Men der var ved Berget ein stor Svineflokk paa Beite. 12 Og Djevlarne baado honom og sagde: „Send oss i Svini, at me maa fara inn i deim.“ 13 Og han gav deim Lov til det. Og dei ureine Andarne foro ut og foro inn i Svini, og Flokken sprang ut fyre Bratta og i Sjoen, nær tvau Tusund, og druknade i Sjoen. 14 Og dei, som gjætte deim, flydde og kunngjorde det i Byen og paa Landsbygdi. Og dei gingo og vilde sjaa det som hendt hadde. 15 Og dei komo til Jesus og saago den forgjorde, som hadde havt Djevlaflokken, sitjande klædd og med sitt Vit, og dei vaaro rædde. 16 Og dei, som hadde seet det, fortalde deim kor det hadde gjenget fyre den forgjorde, og um Svini. 17 Og dei baado honom at han vilde fara burt fraa deira Landemerke. 18 Og daa han steig i Baaten, bad den, som hadde voret forgjord, honom um Lov at vera med honom. 19 Og han gav honom ikkje Lov til detta, men sagde til honom: „Gakk heim til Fol-