Side:Markusevangeliet (1870).djvu/18

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

ogso andre Baatar med honom. 37 Og det vardt eit Rokveder, og Bylgjorna slogo inn i Baaten, so at han alt fylltest. 38 Og han var i Bakskuten paa Baaten og sov paa eit Høgjende. Og dei vakte honom og sagde til honom: „Meister, ansar du ikkje at me forgangast?“ 39 Og han reis upp og trugade Vinden og sagde til Sjoen: „Teg og ver still!“ Og Vinden spaknade og det vardt ei stor Stilla. 40 Og han sagde til deim: „Kvi ero de so rædde? Hava de endaa ikkje Tru?“ 41 Og dei vaaro hardla rædde og sagde til kvarandre: „Kvat Slags Mann er detta, at jamvel Vedret og Sjoen lyda honom?“

5. Kapitel.

Jesus kjemer til Gadara; driver Djevlar ut av den sjuke og læter deim fara i Svini, 1—20; fer tilbaka yver Sjoen; lækjer ei Kvinna som hadde Blodflødor, og vekkjer upp Dotteri til Jairus, 21—43.

1 Og dei komo paa hi Sida aat Sjoen i Landet til Gadara-Folket. 2 Og daa han var stigen av Baaten, kom det mot honom ut or Gravom ein Mann med ein urein Ande 3 som hadde sitt Tilhald i Gravom, og det kunde ingen meir binda honom, ikkje eingong med Lekkjor; 4 for han hadde voret ofta bunden med Band og Lekkjor, og han hadde slitet av seg Lekkjorna og brotet i sunder Bandi, og det kunde ingen raada med honom. 5 Og han var alltid Dag og Naatt i Gravom og paa Bergom, skreik og slo seg sjølv med Stein. 6 Men daa han saag Jesus