Side:Markusevangeliet (1870).djvu/17

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Med det same Maal, som de mæla, skal dykker verda mælt, og det skal verda gjevet dykker endaa meir. 25 For den som hever, honom skal verda gjevet, og den som ikkje hever, fraa honom skal verda teket ogso det som han hever.“

26 Og han sagde: „So er Guds Rike, som naar ein Mann kastar Sædet i Jordi 27 og søver og riser upp, Naatt og Dag, og Sædet renner upp og vekser, utan at han veit korleides. 28 Jordi ber Frukt av seg sjølv, fyrst Brodd, sidan Aks, og sidstpaa fullgjort Korn i Akset. 29 Men so snart som Frukti er gjord, sender han Sigden, for daa er Skurden komen.“

30 Og han sagde: „Kvat skulo me likna Guds Rike med? Elder kvat Likning skulo me teikna det med? 31 Det er likt Senapskornet som, naar det verder saatt i Jordi, er mindre en alt Frækorn som er paa Jordi. 32 Og naar det er saatt, vekser det upp og verder større en alla Urter og skyter stora Greiner, so at Fuglarne under Himmelen kunna byggja i Skuggen av det.“ 33 Og i mange slike Likningar talade han Ordet til deim so som dei vaaro føre til at høyra det. 34 Men utan Likning talade han ikkje til deim, men naar dei vaaro eine saman, lagde han allting ut fyre sine Læresveinar.

35 Og same Dagen, daa Kvelden var komen, sagde han til deim: „Lat oss fara burt paa hi Sida.“ 36 Og daa dei hadde sendt Aalmugen burt, toko dei honom, som han var, inn i Baaten; og der var