Side:Markusevangeliet (1870).djvu/14

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

ningar: „Kor kann Satan driva Satan ut? 24 Og um eit Rike verder usams med seg sjølvt, so kann det Riket ikkje standa. 25 Og um ett Hus verder usams med seg sjølvt, so kann det Huset ikkje standa. 26 Og um Satan riser upp mot seg sjølv og er usams med seg sjølv, so kann han ikkje standa, men det er ute med honom. 27 Men det kann ingen fara inn i Huset til ein sterk Mann og rana hans Bunad, utan han vil fyrst binda den sterke Mannen, og daa kann han rana hans Hus. 28 Sannlege segjer eg dykker, alla Synder skulo vera Menneskje-Bornom forlatne, og alle Hædningsord, som dei muno hæda med; 29 men den, som hæder den heilage Ande, han hever ævelege ingen Forlatning, men er skyldig i æveleg Synd.“ 30 For dei sagde: „Han hever ein urein Ande.“

31 Og Moder hans kom og Brøder hans, og dei stodo utanfyre og sende honom Bod at koma. 32 Og Folket sat i Kring um honom, og dei sagde til honom: „Sjaa, Moder di og Brøder Dine og Syster der ute spyrja etter deg.“ 33 Og han svarade deim og sagde: „Kven er Moder mi og Brøder mine?“ 34 Og han saag kringum paa deim, som saato i Kring um honom, og sagde: „Sjaa, det er mi Moder og mine Brøder! 35 Den, som gjerer Guds Vilje, han er min Broder og mi Syster og Moder.“