Side:Markusevangeliet (1870).djvu/13

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Baat skulde vera tilbudd aat honom fyre Folkehopen, so at dei ikkje skulde trengja honom; 10 for han lækte mange, so at dei follo yver honom og vilde taka paa honom, so mange som Plaagor hadde. 11 Og naar dei ureine Andarne saago honom, follo dei ned fyre honom og ropade og sagde: „Du er Guds Son.“ 12 Og han baud deim strengt at dei skulde ikkje gjera honom kjend.

13 Og han gjekk upp aa Berget og kallade til seg deim som han vilde, og dei komo til honom. 14 Og han tilsette tolv, at dei skulde vera med honom og at han kunde senda deim ut og tala til Folket 15 og hava Magt til at lækja Sjukdomar og driva ut Djevlar. 16 Og han gav Simon Namnet Petrus; 17 og Jakob Sebedeusson og Johannes, Broder til Jakob, og han kallade deim Boanerges, det er Toreduns-Søner; 18 og Andreas og Filippus og Bartolomeus og Matteus og Tomas og Jakob Alfeusson og Taddeus og Simon Kananit 19 og Judas Iskariot som og forraadde honom.

20 Og dei komo i Huset, og Aalmugen samnadest paa nytt, so at dei kunde ikkje eingong faa seg Mat. 21 Og daa Folket hans høyrde det, gingo dei ut og vilde gripa honom, for dei sagde: „Han er fraa seg.“ 22 Og dei skriftlærde, som vaaro komne ned fraa Jerusalem, sagde: „Han hever Beelzebul og driver ut Djevlar med Djevlahovdingen.“ 23 Og han kallade deim til seg og talade til deim i Lik-