Side:Markusevangeliet (1870).djvu/11

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

„Kvi fasta Læresveinarne til Johannes og til Farisearne, men dine Læresveinar fasta inkje?“ 19 Og Jesus sagde til deim: „Kann Brudlaupsfolket fasta, medan Brudgumen er med deim? So lenge som dei hava Brudgumen med seg, kunna dei ikkje fasta. 20 Men dei Dagar skulo koma, daa Brudgumen verder fraa deim teken, og daa skulo dei fasta paa den Dagen. 21 Ingen legger ei Bot av nytt Klæde paa ein gamall Klædnad; annars river det nye Stykket burt av det gamle, og Holet verder verre. 22 Og ingen læter nytt Vin i gamla Skinnhitar; annars sprengjer Vinet deim og spillest, og Hitarne tynast; men nytt Vin skal ein lata i nya Hitar.“

23 Og det hende seg at han gjekk yver ein Aaker paa Kviledagen, og hans Læresveinar toko til at plukka Aks, medan dei gingo. 24 Og Farisearne sagde til honom: „Sjaa, kvi gjera dei paa Kviledagen det, som ikkje rett er?“ 25 Og han sagde til deim: „Hava de aldri leset kvat David gjorde, daa han hadde Trong fyre det og han hungrade, han og dei, som med honom vaaro? 26 kor han gjekk inn i Guds Hus i dei Dagarne, daa Abjatar var Øvsteprest, og aat Skodebraudi, som ingen hever Lov til at eta, utan Prestarne, og gav ogso deim som med honom vaaro?“ 27 Og han sagde til deim: „Kviledagen er lagad fyre Menneskja, og ikkje Menneskja fyre Kviledagen. 28 Difyre er Menneskje-Sonen Herre ogso yver Kviledagen.“