Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/34

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
— 26 —

Volva kvad:
7.
„Her for Balder
stend bryggja mjød,
yvir drykken skire
ligg skjolden kvelvd.
Æsir alle
er ottesame;
naudig eg tala,
no mun eg tegja.“

Odin kvad:
8.
„Teg inkje, volve,
tala du skal,
til eg aalkunnig vert,
enn vil eg vita:
kven skal Balder
bane valde
og alder øyde
for Odins-sonen?“

Volva kvad:
9.
„Hòd ber høge
ættingen hit;
han skal Balder
bane valde
og alder øyde
for Odins-sonen;
naudig eg tala,
no mun eg tegja.“

Odin kvad:
10.
„Teg inkje, volve,
tala du skal,
til eg aalkunnig vert,
enn vil eg vita:
kven hemnar skal verte
paa Hòd for illverk
og Balders bane
paa baal føre?“

Volva kvad:
11.
„Rind fær Vaale
i vester-salom,
natti gamall
den guten din slær:
han hand inkje tvær
hell hovud kjember,
fyrr paa baal han ber
Balders draapsmann;
naudig eg tala,
no mun eg tegja.“

Odin kvad:
12.
„Teg inkje, volve,
tala du skal,
til eg aalunnig vert,
enn vil eg vita:
kva heiter dei møyar
som heitt mun graate
og til himils kastar
halse-skauti?“

Volva kvad:
13.
„Du er inkje Vegtam,
som eg det meinte,
men Odin er du,
utgamle gaut.“
Odin kvad:
„Du er inkje volva
den vise kvinna,
men til tussar
tri er du mor.“

Volva kvad:
14.
„Heim rid du Odin
med heilan hug,
og velkomin att
paa vitjing hit,
naar Loke leikar
laus or bandom
og i ragna-rok
ransmenn er ute.“

————————