Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/27

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

um 8 ringar som dryp av Draupne, Grimn. um 8 vintrar, 8 nætar. 8 hundrad einherjar. Snorre um at Sleipne hadde 8 føtar. — I Trondheim høyrer ein mykje um aatte-tale: 8 fylke var der. 8 friborne ættlegg laut den haya fyri seg som hadde aarborin manns rett (sameleis som hjaa keltane), 8 mann skulde vera til stades naar draap vart utlyst. I aattungar var bygdir bytte (helst paa austlande). Ei mork var 8 aurar. Ein fri mann hadde 8 gongir større „rett“ enn trælen sin. Trymlur fortel at Tor var 8 alnir og tolv. 8 alnir nemner - visa um Torekall. Aatte-dagar heiter endaa ei viku.[1] — 4-tale[2] er inkje so mykje brukt, men 2-tale finst ofte i segnir um Tor.

13. Brisinga-men, prydnaden aat Frøya, anten det lysande mene (brising, baal) eller det som Brisingane (namn paa dvergar) hadde smidt. Men av same roti som maan, nakke. B. er nemnt i det angelsaksiske kvæde um Bjovulf og i tyske sogur um Ermanrik. Kanskje det var utgamle germanske segnir um tviljos-gudar (brisingar) som lokka gudedroningi til utruskap med prydnaden. Sume tenkjer ved brisinga-men paa soli, sume paa morgonrauden. — Ei fornsogu (Soria taatt, fraa det 14de aarh) fortel at Frøya kjøpte prydnaden av dvergar. Odin fekk Loke til aa stela det. og ho kunde inkje faa det att, fyrr ho eggja tvo kongar mot kvarandre i endelaus kamp.

15. Heimdall er berre kjend i Norig og paa Island. Namne tyder anten den som lyser ut yvir heimen, eller den som lyser bjart. Sume finn regnbogen manngjord i namne. Han høyrer inkje til vanine sjølv, men er likso framvis som dei. Han er gudevorden (Skirn., Loketr.), og bur paa Himinbjørg (Grimn.), han er ættefar tit menneskjestandi (Rigst., Volusp.). Han blæs i norne Gjallarhorn (Vsp). — Her tykkjest han stande nær Tor. — Fleire gongir vert det fortalt koss <let var laga med H. i utgomol tid; far hans vert inkje nemnd, men han hev nie mødrar (Hyndl.), han maa daa høyre til dei eldste lag i gudeheimen. — Dei trur han er avskildra paa ein bilætstein paa øyi Man.

Kvendeklædde menn høyrer ein gjeti ogso andre stadir. Herakles er nemnd fyrr. Jupiter klædde seg ut som Diana, til aa vinne hugen aat Antiope. — Tetis fylgjer sonen Akillevs gjenteklædd til Lykomedes, og der vinn han dotter hans med vald, sameleis som Odin og Rind etter Saxo. — Odin for yvir jordi og var trollkjering (Loketrætta). Loke var ofte kvende. — Helge Hundingsbane og Ragnar Lodbrok klædde seg ogso til kvende, likeins Raamund Greipsson, Hagbard, Bendik, Alvar og Valivan.

16. Houud-topp. Orde typpe „maa uden tvivl udledes af toppr, en top, og synes saaledes at have betegnet en topformet omvikling af hovedet med et klæde; selve hovedtøiets

navn har rimeligvis været toppr.“ (R, Keyser). Orde „typpe“,

  1. 2 x 8 = 16 huldreflettur hadde ei gjente i Elvardalen.
  2. 4 var Hermes og Herakles og jonane sitt tal, 3 brukte dorane og rom- arane.