Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/24

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest


Kvida, forteljing paa vers, av same rot som kveda.

1. Tor er her kalla Ving-Tor (den som svingar hamaren, Vingne er han òg kalla (Vavtr.). Han heiter ogso Lorride (han som køyrer der det er heitt?) og Oku-Tor, og vognguden (reidar-ty). — Foreldri hans er Odin og Jord.[1] — Tor er kalla aasabrag (kulten av æsine), hovdingen for alle gudar, den som er høgst vyrd, den allmegtuge aas, den megtugaste av gudane, Norigs land-aas (landsgud). Torsdagen[2] var heilagdagen. Sume meiner at han var høgste guden i Norig, fyrr Odin fekk rangen — Mange folkeminne er det um Tor baåde i sogur og kvæde og ordtak (guten med klubba, guten hjaa trolle, Raamund unge, „Tor med tungom hamre“, „Signe deg Tor i Lund“, „Gamle-Tor er laus“, Tor Drykkjebasse, Tor Trollebane, Tor tambur, trummeslagaren.[3] Inkje nokon annan gud gjeng att i Norig som Tor. Mange folkenamn og gardsnamn[4] yvir heile lande er samansette med Tor. — Hamaren[5] hans het Mjølne (den som mel og knasar sund). — At Tor miste hamaren sin er fortalt i ei segn fraa Rauland i Tel. Han var i eit brudlaup, der dei berre gav han øl i ein bolle, og inkje heile tunna, som han hadde fengi ein annan stad. Daa vart han vreid og kasta hamaren imot garden so hardt at han sokk djupt ned i urdi, og der laut Tor leite lengi fyrr han fann hamaren att. Andre segjer at hamaren flaug av skafte og vart burte. Tor kom i beit; han lova daa, at fann han att hamaren, skulde han gjera veg gjenom urdi. Daa fann han hamaren og gjorde etter lovnaden. — Irane hadde i gomol tid ei forteljing um klubbeslagaren, storkjempa og stor-ètaren Dagdé, at risane hadde røva harpa hans, so at han sjølv med tvo fylgjesveinar laut av og hente ho att i halli aat risekongen. Tacitus kallar Tor Hercules (Herakles). Og honom liknar Tor i mangt. Baae vèr dei menneski mot alt som vondt er. Baae dregst dei med alderdomen (manngjord). — Med H. sov under eit tre, vart vaapni hans stolne. Hermes førde H. til droningi Omfale (etter bòd av Zevs, segjer Evrippides i eit spel), der sit han kvendeklædd, O. kjember honom og hev klubba hans. H. skulde tene Sylevs, men gjorde seg berre til godes med maten og drykken hans, baud S. aat seg og drap baade honom og den hardhjarta dotteri hans H. aat ein gong ein heil ukse og drakk av store bollar. Han førde krig mot tremilane og mot amasonune, og der vann han ei dubbel-øks. Fleire stadir er han avskildra køyrande i

lag med eit kvende, ein stad dreg tvo kentaurar vogni. Ei

  1. Indra hev sameleis jordi til mor og køyrer i ei vogn; i eldre tid trudde dei i India at bukkar drog vogni (meiner O. Montelius), i seinare tid hestar, som fekk liv att um dei vart slagta og uppétne. sameleis som bukkane til Tor.
  2. Her er Tor sett inn i staden for Jupiter.
  3. Forvending av reidar truma (vogndùn) toresmell.
  4. 13 stadir paa austlande, 3 paa vestlande, 1 paa sorlande, 1 i Trondheim.
  5. Avskildra paa runesteinar. — Hamarteikne finn ein og paa gamle greske myntar. Paa bilæte av Zevs gjeng hamar eller øks yvir til ljonstraale.