Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/149

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

<poem> Urd het den eine, den andre Verdande, dei runeskidur skar, Skuld den tridje. Dei lov lagde, dei liv kaara, for manna-lyden dei lagnad segjer.


21. I aust sat gamle jarn-gygri og fødde der fenres ungar. Ein vert umfram av alle desse solar-tjuven i trolle-ham.

22. Matar seg mett paa manna-lik, um gude-gardar gøyser han blod. Svart vert solskin sumrane etter, vêre vaalyndt. Vita de enn eller kva?

23. Ho folkstrid i heimen den fyrste minnest, daa dei Gullveig med geirom støytte, og i Haars hall dei henne brende. Dei tri gong brende den tri gong borne, (ofte, ei sjeldan, daa enn ho liver).

24. Dei Heid ho kalla, der til husar ho kom spaavise volva. Vakte ho gandar, med seid fór ho stødt seida med ihug, uneleg alltid for illkyndt kvende.


25. Tivar alle paa tingstolar gjekk, dei høgheilage heldo raadlag: kvaare skal æsir av-laat gjeva eller offer alle gudar eige?

26. Spjot heiv Odin og skaut i flokken, det var folkstrid den fyrste i heimen. Brotin var bordvegg i Aasa-borgi, vanir paa opne vollar sprungo.


27. Tivar alle paa tingstolar gjekk, dei høgheilage heldo raadlag: kven hadde lufti med løynsvik blanda eller jøtun-ætti Ods møy gjevi?

28. Einast Tor der tok i, tròtin av harm; han sjelden sit, naar slikt han fretter.