Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/123

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


99 (98).
„Heller mot kveld
du kome, Odin,
om du vil med møyi mæle.
Ille det vart
om andre munde
slik skam faa sjaa.“

100. (99).
Attende eg gjekk
med elskhugs vonir,
var reint fraa samling og sans.
Trudde eg daa
saa tryggleg eige
heile hugen til møyi.

101 (100).
Andre gongen
gjekk eg til ho,
daa var vaktfolki vakne.
Med brennande ljos
og borne kyndlar
dei vintervegen meg viste.

102 (101).
Ut mot morgon
att eg kom,
daa var sals-vakti sovna.
Paa lega, der før
den fagre sov,
laag no ei bikkje i band.

II.

103.
Vær gjæv imot gjest
og glad ver heime,
alltid vis og varsam;
minnug og maalvis,
vil du mangklok heite;
ber gode gjetord[1] fram.
Ein faaming me kallar
den som faatt[2] kan tala,
slikt er vesallmanns vit.

104.
Jøtungubben eg fann,
er no attende komen,
vann vesalt tegjande der.
Med mange ord
eg mykje til gagn
vann meg i Suttungs salar.

106.
Rata-tonni
rudde meg eg,
hardt grjot[3] ho gnog.
Over og under
gjekk jøtun-vegir,
daa var det hætt um mitt hovud.

107.
Vegen eeg fann
eg vel hev nòti,
faatt for den vise er vandt,
di at no Odrere
opp er komen
midt i Midgards heim.

  1. Gjetord, umtale.
  2. Faatt, faae ting, lite.
  3. Grjot, stein.