Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/119

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
— 111 —
II.


34.
Umveg er jamt
til utrygg ven,
um midt i bygdi han bur.
Men beinvegir gjeng
til den gode venen,
om han er langt av leid.

35.
Gange skal du,
gjest ei vere
alltid paa einom stad.
Ljuv vert leid
som lengi sit
kyrr paa annans krakk.

36.
Eit lite bu
er betre enn inkje,
heime er kvar mann herre.
Hev du geiter tvo
og ein taugsperra sal,
daa tarv du inkje tigge.

37.
Eit lite bu
er betre enn inkje,
heime er kvar mann herre.
Hjarta bløder
naar beda du skal
um mat til kvart eit maal.

39.
Ingin saa gjevmild
og gjestmild eg fann,
han tok inkje gaavor og takka.
Eller saa gjev-sæl
med godse sitt,
han ei lika med løn du takka.

40.
Eigni di,
som du avla deg hev,
treng du ’kje spara for deg sjølv.
Tidt til leide folk gjeng
det til ljuve var tenkt,
mangt verre gjeng enn ein vonar.

41.
Med vaapn og klæde
skal venir gaavast,
det vert paa deim sjølve synt.
Likt gjevande
lengst er venir,
um elles alt seg lagar.

43.
Venen sin
skal ein vera ven,
honom og hans ven.
Men med uvens ven
venskap halde
høver ’kje fagna folk.

44.
Veit du ein ven
som vel du trur,
og du hjaa han fagnad vil faa:
gjev han heile din hug
og gaava ei spar,
far og finn han ofte.

45.
Veit du ein annan
som ille du trur,
og du fagnad vil likevel faa:
du fagert mæle,
men falsk tenkje,
og ljuging møte med lygn.