Jesus Messias/IX

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 121-140).
◄  VIII
X  ►
D
et er dei tri fysste Sogune ― dei „synoptiske“, dei kallar (av Synopsis: Yvisyn; Framstelling i Stuttmaal) ― me her i det heile hev fylgt. Desse, som er dei eldste, er bygde paa den aalmenne jødiske Messias-Tanken fraa Jesu Tid, og gjev i Hovuddragi best Greide paa baade Live og Læra aat Meistaren.

Den fjorde Sogo er fraa seinare Tid, liksom ho og er fraa eit anna Lag av Folke; Bokmeistaren held seg som Farisæaren Paulus til den rabbiniske Messiaslæra. Han hev daa vel og vori skriftlærd; og der er Ting i Boki hans som tyder paa at han hev vori ein skriftlærd fraa Aleksandria.

Soleis det at han ikkje gjeng ut fraa Messias-Spaadomane men fraa den aleksandrinske Rabbinlæra um Logo („Orde“). Det er i det heile ein Allheimsfrelsar meir enn ein Israelfrelsar som her er aat aa arbeide seg fram, um elles Frelsa enno „kjem fraa Jødane“ (4: 22).

Han opnar Sogo si paa ein Maate som minner um 1 Mos. 1: 1. „i Upphave var Orde“, og ved Orde „hev alle Ting vorti til“, byrjar Johannesboki. Etter rabbinsk Tenkjemaate vil dette segja: Gud, den æveleg dulde, opinberrar seg gjenom sitt Ord, vert Gud for oss i og ved Orde sitt; „Orde“ hadde meir og meir vorti ei Opinberringsform for Gud (ikkje ein serskild „Person“). Samfør Es. 55: 11; 40: 8; Salm. 119: 89; 147: 15; Ordspr. 8:22―36; Job 28: 12―27; Visd. 7: 7―11: 20.

Etter at Skapingi soleis (V. 1―3) er nemnd, kjem det (V. 4―13) ei kort Utsyn yvi Mannasogo. I (det skapande) Orde var Liv; og „Live var Ljose aat Menneskjom“[1]. Men dette Ljose tok Myrkre i Mannheimen ikkje imot (V. 4―5). Gud sender daa ein Mann (Døyparen) som skal „vitne um Ljose“. Og so kjem „Ljose“ sjølv. „Han kom til sitt eigi“, men „hans eigne tok ikkje imot honom“, andre enn dei som var „fødde av Gud“ (V. 6―13); Logos ― sjølvsagt ikkje Skaparorde, men den skapte „Logos“ ― „vart Kjøt og budde imillom oss“. Det er den djupaste aleksandrinske Rabbinarvisdomen som her ― i faae Ord, og dertil paa den uklaare Maaten som i gamle Dagar og serleg i „Gnosis“-Tidi galdt for filosofisk ― er gjord til Grunnlag for Læra um Jesus. Naar Kyrkjelyden hev kunna tru, at slikt som 1: 1―18 (og ymist anna) i Johannesboki var skrìvi av Galilæa-Fiskaren Johannes, so treng me ingin Lærdom til aa skỳna, at den apostoliske Tidi lyt Kyrkjelyden den Gongen ha havt eit godt Stykke attum seg.

Det same kann me og sjaa av andre Ting. Johannes hadde t. D. Ikkje gløymt aa nemne Jakob, Bror sin, som dertil var ein av „dei tri“. Og det at Anden vert innsett til baade aa tolke og utfylle Jesu Ord, det er alt ein heiltupp katolsk Tanke.

Mindre kjend er Bokmeistaren i Jødeland og enn ventande skulde vera av ein Jesus-Svein. Han kjenner lite til Folke. Jamvel dei førande i Folke, Skriftlærde og Fraisæingar, nemner han sjeldan. Han talar helst um „Jødane“, eit Namn som dei andre ikkje hev uppe utan i Lidingssogo, der Pilatus og Hermennane brùkar det helst paa Spott. Og Bokmeistaren bryr seg lite um „Jødane“. Han synest jamvel vilja gjeva Samaritanane Róm fyri deim (4: 7―42); det hadde ingin Jøde fraa Jesu Tid funni paa. (Smf. Mt. 10: 5; Lk. 9: 52, 53). Og Jesus sjølv er i denne Sogo ofte som hav var burtbytt. Hjaa dei tri fysste er han djup utan Stræv og daa dertil klaar; her strævar han med aa vera djup og vert helst uklaar. Hjaa dei tri fysste held han seg til Moses og Profetane; her talar han um Faderen og Sonen og kjem med so mykje rabbinsk Halvfilosofi, at um ein ikkje vil segja som „Jødane“ at han er forgjord („hev Djevelen“, stend det i Grunnteksti 7: 20), so skỳnar ein Sveinane stundom, naar dei finn at han fører „hard Tale“ (6: 60). Jamvel naar han gjer Teikn er han ofte ein annen enn den me kjenner fraa dei tri; han vil at Folk skal tala um Teikni hans (9: 3; 11: 4).

Guds Rike er so vidt nemnt, men ikkje Himilrike. Bergpreika er burtkomi. Og berre den Moses som hev „skrìvi um meg“ talar Jesus her um (5: 46). Bòde um aa elske Gud vert ikkje nemnt; og bòde um aa elske Næsten, jamvel sin Fiende, hev vorti til eit „nytt Bòd“: Sveinane skal elske „kvarandre“, have Kjærleik „innbyrdes“ (13: 34, 35; 15: 12, 17); det er Sekt-Tanken som arbeider sig fram, og det heller tydeleg[2].

Temple vert reinska (2: 13―16). Men i 4: 23 er den Tidi alt komi, daa ein korkje skal tilbeda Faderen i Jerusalem eller paa Garisim. Sjølve Messiasrike er komi burt. Jerusalem var falli, og Teikn til „dei siste Ting“ hadde ikkje vist seg; Messias-Trui taper sitt gamle Grunnlag og vert reit aandeleg. I Staden for „Rike“ vert „Live“ forkynt, og det ― i vanlege Johannesbok-Ordlag ― jamvel av Døyparen (3: 29―36). Jesus sjølv talar like eins Johannesbok-Maal for det meste. Han forkynner ikkje Guds Rike lenger; han talar um „Sanningi“, eit Ord fraa den græske Visdomslæra som Bokmeistaren hev visst vilde hava god Klang for halvgræske Jødar og for Hellenar. Um seg sjølv talar Jesus mest i 3die Person: „Sonen“; me ser av dette, at den som her skriv legg sine eigne Tankar fram. Og Sonen er fysst og fremst „den som vitnar um seg sjølv“ (8: 18; smf. 5: 31); han trættast med Jødane um sin eigin Metafysik, so ein reint gløymer at dette skulde vera Profeten fraa Nasaret. Bokmeistaren hev elles hugsa so mykje, at han ikkje læt Jesus brùka Ord fraa det aleksandrinske Visdomsmaale sjølv; naar han daa skal upp i Logos-Høgdine, vert det ikkje onnor Raad enn aa lata ’n tala i Gaatemaal. „Ego eimi“ (eg er[3]), segjer Jesus; og dette skynar ikkje „Jødane“.

Med alt dette hev det vori Meiningi aa faa med so mykje av den Jesus som Johannes forkynte, at Boki etter Tenkjemaaten i dei Tidir kunde faa Rett til aa føre Johannes-Namne. Og ymist er komi med som maa vera etter Apostelen. Men det og er ofte uppblanda med Tankar fraa seinare Tid.

Jesus er „Messias, det er utlagt Kristus“ (1: 42; 3: 28; 4: 25, 26). Han kallar seg Menneskjesonen, og Menneskje (8: 40); han vert og ein Stad kalla Jøde (4: 9). Det er Faderen som hev sendt honom (7: 29 o. fl. St.). Han talar ikkje av seg sjølv, men segjer det Faderen hev bòdi honom aa segja (12: 49 o. fl. St.); dette turvte han elles hjaa dei tri fysste ikkje halde serskilt fram. Til „den einaste sanne Gud“ bed han (17: 3). Han er Josefs Son fraa Nasaret (1: 46; 6: 42) og hev kjøtelege Brørar (7: 5). Han vert jamvel etter den gamle Messiaslæra kalla Guds Son (9: 35, 37; 10: 36) og Israels Konge (1: 50); dette høyrer til dei tydelege Minni fraa Johannes-Tidi.

Um Fyri-Tilvære sitt vitnar Jesus sjølv (8: 58; 17: 24). Nemningi „Sonen“, som han mest brùkar ― Sonen framifraa ― inneheld, at han er den „fysst fødde“ (Hebr. 1: 6), d. e. Den fysst skapte, eller den „einborne“ (Joh. 1: 14 o. fl. St.), d. e. Den fysst og serskilt skapte. Rabbinarvisdomen lika aa føre Messias so nære upp til Gud som komande var for jamvel det heilt fullkomne Menneskje; og Johannesboki fylgjer langt med her. Faderen er no „større enn eg“ (14: 28), liksom han er „større enn alle“ (10: 29). Men i Samanheng med dette siste Orde læt Bokmeistaren Jesus segja: „eg og Faderen me er eitt.“ D. e.: i Vilje er Messias eitt med Faderen, vil heilt ut Faderens Vilje. Men me er komne eit godt Stykke burt fraa den Jesus som ukkje vilde vera kalla so mykje som god dessmeir, so han ikkje skulde koma til Faderen for nære (5: 19), so vert det strakst lagt til: „dei Ting som han ser Faderen gjera, dei same gjer Sonen like eins“. Faderen hev og „gjevi Sonen heile Domen“, so at „alle skal ære Sonen som dei ærer Faderen.“ Det er daa rimelegt at Sveinane helst vert berre „Venine“ hans (15: 13, 15), um Brodertanken elles ikke er gløymd (20: 17); Jesus er Guds Son paa ein serskild Maate. Vel er det Faderen som hev gjevi honom denne serskilde Høgdi, „gjevi honom aa hava Liv i seg sjølv“ (det stend so; 5: 26); men „Liv i seg sjølv“ hev han; Menneskje i vanleg Meining er han ikkje.

Bokmeistaren hev stundom sjølv havt ei Kjenning av at han her gjekk langt; han læt daa Jesus koma med Ord som skal hindre Mistydingar. „Jødane“ ― som hjaa dei tri fysste held det for Gudsspott berre at ein Galilæar vil vera Messias (Mt. 26: 63―65; Mk. 14: 61―63; Lk. 22: 67―71) ― trur i Johannesboki at Galilæaren vil vera Gud, eller daa gjera seg „lik Gud“ (5: 8; 10: 33); i Jesu Tid kunde ein slik Tanke aldri vera uppkomin. Men i Johannesboki vert baade Skuldingi og eit Svar fraa Jesus uppsett. Jesus viser til Salme 82, der det (V. 6) stend: „eg hev sagt: dé er Gudar[4].“ Og han legg till: „kallar Skrifti deim Gudar som Guds Ord kom til ― og Skrifti kann ikkje verte ugild ―, segjer dé daa til den som Faderen hev helga og sendt til Verdi: du spottar Gud, av di eg sagde: eg er Guds Son?“ Men med Johannesboki kann me endaa segja at det fysste Stìge er gjort paa Vegen til Nikæa.

So lengi dei jødekristne var Magti i Kyrkja var elles den Vegen stengd. Og i den seine og lite læreklaare Tidi daa Johannesboki kom fram hev ho med alle sine nye Tankar og Ord vorti vel fagna. Serleg hev Johannes-Sveinane vori glade i ho, av di ho gjorde Johannes ― som etter deira Meining var for lite baade kjend og vyrd i mange Kyrkjelag ― til „den Læresveinen som Jesus elska“; og dei hev haldi ho uppe, um dei so ikkje skyna alt i ho. Og dei Kyrkjefolki, som var meir eller mindre tekne av gnostisk-kristelege Lærestrøymningar ― det var ikkje faae slike i dei Tidom ― dei hev med Glede set ei Bok som viste Samhug med Logoslæra, vinne fram under sjølve Johannes Apostels Namn.

Men dei Paulus-(og Peter-)kristne hev lika Boki for det Krave paa Tru ho bar fram so hugheilt. Aldri hadde Trui vori gjort so heilt ut til Livsvilkaar som i Johannesboki. Guds Gjerning var ikkje lenger aa halde Bòdi; „Guds Gjerning“ var aa „tru paa den som han sende“ (6: 29 o. fl. St.); Jesus krev og Tru paa seg sjølv (11: 25; 9: 35). Den som trudde hadde med ein Gong æoniskt Liv og kom ikkje til Doms; denne Læra vert i Johannesboki lagt Jesus i Munnen Gong paa Gong (3: 18; 5: 24; 8: 24; 11: 25 o. fl. St.[5]), trass i det han held fram so sterkt um Lovi og Guds Vilje hjaa dei tri fysste.

Læra um Jesu Gjerning paa Jordi er lite klaar i Johannesboki. Det ser stundom ut som Pauluslæra um Frelsa vil fra; Jesus skal „døy for Folke“ (11: 50); han er send til aa „frelse Verdi“ (3: 17; 12: 47[6]); det vert og sagt at han „sèt sitt Liv til for Sauine“ (um ein daa kann tala um aa „setja til“ eit Liv som ein „hev Magt til aa taka att“; 10: 11, 18); sjølve Krossen er paa ein Maate rest (3: 14; 12: 32). Men i 17: 9 hev Johannesboki gløymt Tanken um aa frelse Verdi; Pauluslæra kunde ikkje vinne fram i ei Bok der Logos-Tanken raadde.

*

Jesus-Sveinane var ikkje kalla til aa skrive; i dei Tidom var det ikkje vanlegt at Folk kunde skrive heller; og græskt Maal hev vel knapt andre enn Tollmannen Levi (Mattæus) vori inne i.

Men Apostlane fekk snart baade skrivekunnige og græskt-kunnige Mennar ― Markus, Lukas o. fl. ― med i Lagi sine. Og Skrivehjelp hev dei brùka som anna Folk, um dei so var skriveføre; det ser me hjaa Paulus. Han hadde lært Skrivekunsti. Men Apostlar kunde ikkje sitja Tidi si burt med slikt. Hender det ein Gong at Paulus skriv nokre Ord sistpaa i eit Brev, so nemner han dette som noko framifraa; „sjaa kor store Bokstaver eg skriv med til dekon med mi eigi Hand,“ stend det t. D. I Slutten av Galatarbreve. (6: 11[7]).

Me hev Brev berre etter fire av Jesus-Sveinane. Jakob, Peter og Judas hev eitt kvar[8], og Johannes tri. Baade Peter og Johannes viser seg i desse Brevi aa vera sterkt tekne av dei Synsmaatane som kom upp etter Golgata-Hende; dei skriv um Frelsa, Atterløysingi, Soningi, Blode som reinsar oss fraa all Synd, so for den Skuld kunde dei vera Paulus-Sveinar. Jakob og Judas held seg strengare til Jesu Tankar (Jakob synest endaa aa arbeide imot dei nye Lærdomane om Trui; sjaa 2: 8―26); dei hev vel vori noko meir tungnæme, desse tvo. ―

― Paulus (og hans Sveinar) med sine 13 eller 14 Brev ― Hebræarbreve høyrer etter Innhalde fullt so mykje Paulus til som sùme av dei andre ― fyller halve Nytestamente. Det var daa og Paulus som ― med noko Hjelp fraa Johannesboki[9] ― skulde byggje Kyrkja.

Han var Farisæar og vart so verande (Apg. 24: 14―15; Filip. 3: 5), um han i sitt Syn paa Moselovi stor kristelegt fri. Jesus hev han ikkje kejnt; og av Apostlane vil han ikkje have lært noko. Den Kristindomen han forkynner hev han fengi „ved Opinberring av Jesus Kristus“ (Gal. 1: 12; smf. 1 Kor. 11: 23; 15: 3; 2 Kor. 12: 1―7; Ef. 3: 3); „mitt Evangelium“ kallar han det daa au stundom (Rom. 2: 16; 16: 25; 2 Tim. 2: 8; smt. 1 Kor. 15:1―2).

Etter Damaskusdagen gjekk han ikkje til Apostlane i Jerusalem, men til Arabia (Gal. 1: 17[10]); han turvte ikkje tala med Apostlane; han kjende Messias-Tanken fraa dei skriftlærde. Hugvendingi hans hev vori den, at han kom til aa setja Jesus i Samanheng med Es. 53; daa hev han fata Tanken um ein lidande Messias, og Jesus hev vorti noko nytt for han. Til Jerusalem gjekk han ikkje fyrr tri Aar etter Damaskushende (Gal. 1: 18); og han vilde ikkje lære noko der; han vilde berre „verte kjend med Peter“. Nokon annan av Apostlane saag han ikkje i Jerusalem „utan Jakob, Herrens Broder“, fortèl han[11].

Han vil stande heilt for seg sjølv. Jamvel Fraasegnir um slikt som dei tolv maatte ha vori med i, um det var sant ― som Tilskipingi av Brodermaaltidi (1 Kor. 11: 23) ― „fær“ han av „Herren“. Lett aa skyna er ikkje dette; Jesus hev ikkje paa nokon Maate vist seg Misnøgd med dei gamle Sveinane sine. Snarare synest desse hava Meistaren med seg i alt (smf. Apg. 10: 9―16, det Peter endaa fær Opinberring um Frelse for Heidningar). Men Paulus er serskilt utvald. Og serskilt utvald til Heidningapostel (Gal. 1: 16). Visst er det og, at Heidningapostel vart han.

Det Evangelie han kallar sitt ― Evangelie um „Guds Naade“, som hev falli Heidningane lettare aa skyna enn Jesu Fagnadbòd um Guds Rike, endaa Kyrkja sidan laut stelle noko paa Paulus-Evangelie med ― forkynner han i 14 Aar, fyrr han raadfører sseg med dei andre Apostlane um det. Og jamvel daa maa det ei „Opinberring“ til, fyrr han vinn seg yvi til aa leggje det fram for deim, d. e. For dei av Apostlane som „galdt for aa vera noko; kor store dei var kjem ikkje medg ved“, skiv han (Gal. 2: 2, 6).

Men „Evangelie hans“ stod Prøva godt. „Dei som galdt for aa vera Hovudstolpar, Jakob og Kefas og Johannes“ ― dei tvo namngjetnaste er nemnde sist, og serleg er Peter stukkin vel vurt ―, dei „saag“, fortèl han, „at Evangelie for dei u-uomskorne til Peter“ (smf. Apg. 10: 1 flg.); og „de lagde ingin Ting attaat“. Um Paulaus hev haldi Serdrage i „sitt“ Evangelium noko sterkt fram den Gongen nemner han ikkje; men den Tolkingi av Krossdauden som er Grunnen i Læra hans hev knapt vori Apostlane imot[12]. Um ho ikkje var uppkomi i den fysste Tidi (Apg. 2: 14―36; 3: 12―26; 4: 24―30; 7: 52, 53); so hev det ikkje vori lengi fyrr ho hev vunni seg upp; i Apg. 13: 39 legg Paulus i Antiokia fram Læra um „Rettferdiggjeringi“ ved Kristus og vert ikkje motsagd, ― ikkje av Bokmeistaren (Lukas) heller. Etter Gal. 2: 9 gjeng daa Apostlane med paa at Paulus tek Heidningane paa seg.

Det hev pint Paulus at han var komin so seint med, og at han ikkje hadde kjent Mesitaren (smf. 1 Kor. 15: 8, 9). Han kallar seg og „den alra ringaste av alle dei heilage“ (Ef. 3: 8; 1 Kor. 15: 9). Men „mindre Mann enn dei ovstore Apostlane“ vil han ikkje vera (2 Kor. 11: 5; 12: 11; 1 Kor. 15: 10); i Antiokia hev han endaa sagt Peter imot „beint upp i opne Augo“ (Gal. 2: 11, 12). For um Apostlane høyrde Jesus daa han var paa Jordi, so hev Paulus Opinberringar fraa Kristus i Himilen (2 Kor. 12: 1―7; Gal. 1: 12). Og daa talar „Herren“ til Paulus som han var den einaste Apostelen (sjaa t. D. Apg. 26: 15―18, der Paulus elles læt Jesus segja meir enn rett skulde vera etter Apg. 9: 6[13]). Naar Paulus kjem med Lærdomar som han sjølv ved serskild Opinberring hev „fengi“ (som den at Kristus døydde for Syndarar, 1 Kor. 15: 3, eller den at Kristus „gav seg sjølv til Løysepeng for alle“, 1 Tim. 2: 6, 7), so vil han vera likso mykje aa tra som Jesus; og er det noko han segjer utan Opinberring, so er det ikkje altid han skìl ut: dette segjer berre eg; han talar stundom heiltupp i Messiastone: „sjaa, eg, Paulus, segjer dekon...“ (Gal. 5: 2). Ja han er med i sjølve Soningsverke, „utfyller i sitt Kjøt det som vantar i Kristi Trengslur“, og hjelper til med aa „fullføre Guds Ord“ (kol. 1: 24, 25). Han sèt seg jamvel upp til Mynster: „det som dé hev set hjaa meg, gjer dette!“ (Filipp. 4: 9); og Timótevs vert prist av di hav hev „etterfylgt mi Lære, mi Ferd, mitt Hugmaal, mi Tru, mitt Langmod, min Kjærleik, mitt Tòlmode“ (2 Tim. 3: 10[14]).

Paulus hev vori ein gaaverik Mann. I dei fysste Kyrkjetidir var han endaa sùme Stadir sett jamhøgt med Jesus[15]; og hjaa oss er han mest komin i Staden for honom. Men han hev vori tyngd av Lovi. So var det med Farisæarane ofte, av di dei tok ho utvertes, som eit Herre-bòd meir enn som faderled Rettleiding. Og daa kann Lovi berre vera god til eitt: til aa „gjera Syndi lìvande“, vekkje „Synd-Vedkjenning“. „Eg kjende ikkje Lysti, um Lovi ikkje hadde sagt: du skal ikkje lyste!“ segjer Paulus (Rom. 7: 7). Paa ein Maate som er svært lett aa misstyde lærer han daa, at „det aa vilja stend i mi Magt, men aa utføre det gode vinn eg ikkje“ (7: 18 flg.[16]). Og so hev han „mot-teki“, at „Kristus døydde for oss“ (1 Tess. 5: 10; 1 Tim. 2: 6 o. fl. St.), og at me vert „rettfærdiggjorde“, fær „Soning“ ved honom naar med trur (Rom 5: 11 o. Tilv.). „Som ein Løyndom“ talar han „Guds Visdom den dulde“ ( 1 Kor. 2: 6―8); Jesus Kristus og honom krossfest er det einaste han vil vita um.

Her og der, mest i dei etter-paulinske Brevi, spøkjer den Offertanken som sidan vart Kyrkjelære. Ender og Gong fær me i det heile ei Minning um at Jesus-Fylgjarane er aat aa skipast til Sekt; „lat oss gjera det gode mot alle“, stend det i Gal. 6: 10, „men mest mot Brøderne i Trui“; sjaa og 2 Kor. 6: 14―17. Og Vilkaare for aa koma med i Sekti er Tru; dei som trur er, ved Trui, Guds Born (Gal. 3: 26; 5: 5, 6). Heilt klaart vert Samhøve millom Tru og Gjerningar ikkje heller; sjaa den vridne Tankeføringi i Rom. 3 og 6 (V. 15―23).

Men at Paulus ikke hev livt paa den kyrkjelege Offerlæra ser me av Rom. 6: 1―11 o. fl. St. Han forkynner nok Tru (um Trui elles „ikkje er kvar Manns Sak“, 2 Tess. 3: 2). Men um ein hev Tru, so skal ein hava ho „hjaa seg sjølv for Gud“ (Rom. 14, 22); i Live er det Kjærleiken det spyrst etter. „Um eg hev all Tru, so at eg kann flytja Berg, men hev ikkje Kjærleik, so er eg ingin Ting“, segjer Paulus; „dei vert verande desse tri: Tru, Von, Kjærleik; men størst av deim er Kjærleiken“ (1 Kor. 13: 2, 13). Og Gjerningane vaare er det som skal døme oss (Rom 2: 6―11; 8: 13; 1 Kor. 3: 8, 14; 6: 9; 2 Kor. 5: 10 o. fl. St.). Den „Rettferd ved Lovi“ som Paulus fordømer er den farisæiske Utanpaa-Rettferd (smf. Gal 5: 3); i sin Grunntanke gjeld Lovi som hjaa Jesus; heile Lovi er „samanteki til eitt i dette Orde: du skal elske din Næste som deg sjølv“; „Kjærleiken er Uppfyllingi av Lovi“ (Rom. 13: 8―10; Gal. 5: 14). Av Kyrkjelagi sine krev han daa med sterke Ord, at dei ikkje lenger skal tena Syndi, men vera Tenarar for Rettferdi (Rom. 6: 18). Trui maa til (Rom 10: 9, 10), men me vert dømde etter vaare Gjerningar; lat oss daa „reinse oss fraa all Ureinskap paa Kjøt og Ande og fullføre vaar Helging i Guds Age“ (2 Kor. 7:1); for lìver me etter Kjøte so skal me døy; men døyder me Líkamens Gjerningar ved Anden skal me lìva. I Brev etter Brev krev han gode Gjerningar (Rom 2: 6―11; 12: 9―21; 13: 8―10; 1 Kor. 3: 14, 15; 13: 4―7; 2 Kor. 5: 10; Gal. 5: 19―22 o. fl. St.); og det sritelege Livskrave samlar han i Ord som desse: „lat ikkje det vonde yvivinne deg, men yvivinn det vonde med det gode“; „bèr Byrdine for kvarandre, og uppfyll soleis Kristi Lov“. ―

― I Messiaslæra er Paulus Rabbinar, liksom Upphavsmannen til Johannesboki. Messias er „etter Kjøte“ av Davids Ætt (Rom. 1: 3; 9: 5); men etter Anden er han „det andre Menneskje“, „Herren fraa Himilen“ (1 Kor. 15: 47; Ef. 4: 8―10[17]). Han er utan Synd, men „i syndugt Kjøts Likning“ (Rom. 8: 3) hans rette Være er Anden (2 Kor. 3: 17); han er Hovude aat Kyrkja, og Kyrkja er Lìkamen hans (Rom. 12: 4,5 ; 1 Kor. 12: 12; Ef. 1: 22, 23). Og liksom alle Ting er „av Faderen“, soleis er alle Ting til „ved“ Kristus (1 Kor. 8: 6; smf. Joh. 1: 3). I Hebræarbreve „bèr han alle Ting ved sit Veldes Ord“, um han enno ikkje er „Orde“; og han er „Avglansen av Guds Herlegdom og Avbilæte av hans Være“ (1: 3). Men i Paulusbrevi er det enno Gud som reiste Jesus upp fraa dei daude (1 Kor. 15: 15); Messias skal og sistpaa gjeva seg heilt inn under Gud (1 Kor. 15: 28: smf. Opb. 21: 3, 4).

― Kyrkja hev livt paa Paulus og tøygt Soningstanken hans lenger enn rett var. Men ved det at Paulus i dette Stykke var tøygjeleg hev han, ettersom Tilstandi var, vorti eit Gramgangsvilkaar. Kyrkja nytta Paulus ut so langt som det for Heiningfolki turvtest (og noko til?); ved dette heldt Kyrkja seg gjenom myrke Tidir uppe, og hjelpte Heidningfolki fram-yvi, og berga Bibelen. Denne vart, med alle Innblandingar, haldi so vidt rein, at Jesu Tankar kann vakne att, etterkvart som Tidine ljosnar. Utan Paulus ― og etter honom Heidningkyrkja ― hadde Nasaræaren etter alt det me no kan skỳna, vorti gløymd.


  1. Messias var etter Rabbinlæra fysst skapt. Det verte Ljos! Sagde Gud; daa fekk ikkje berre det naturlege, men og det aandelege Ljose, Menneskjeanden, Messias, Tilvære (Rydberg S. 51―54). Messias er „den fysstefødde av mange Brøder“ (Rom. 8: 29), „den fysstefødde av all Skapning“ (Grunnteksti segjer so, trass den norske Umsetnaden; Kol. 1: 15), „Fysstningi av Guds Skapning“ (Opb. 3: 14; Grunnteksti hev archē, som tyder Upphav berre i Meiningi Fysstning, det fysste); men Skapning er han, og Bror til Menneskje, d. e.: Menneskje.
  2. Smf. 17: 9, der han ikkje bed for Verdi men berre for „deim som du“ (Faderen) „hev gjevi meg“.
  3. Det læt seg umsetja som i Testamente med: „eg er han.“
  4. Fysste Verse lyder: „Gud stend i Guds Forsamling og dømer midt imillom Gudane.“ Kongar og store Herrer vart ofte kalla Gudar i gamal Tid.
  5. Sjølve Joh. 5: 29 misser si Meining, naar dei som trur „ikkje kjem til Doms“.
  6. I 9: 39 segjer elles Jesus: „til Dom er eg komin til denne Verdi“; men i 12: 47 er han „ikkje dertil komin at han skal døme Verdi; det Orde han hev tala“ er det som paa den ytterste Dagen skal døme deim som ikkje trur (smf. 8: 24).
  7. Underskrift vart ikkje brùka; Namne paa Brevskrivaren vart nemnt fysst i Breve, og til Underskrift vart sett eit Merke (2 Tess. 3: 17). Me hev her ein av Grunnane til at det ofte er so vandt aa avgjera um eit Brev i Røyndi er fra den det hev fengi Namn etter.
  8. Det „2dre Peterbreve“ kann ikkje vera fraa Peter. Det frotèl t. D. Um „Forklaaringi paa Berge“; men den hev Peter ikkje visst um meir enn Jakob og Johannes. Hadde han kjent til eit slikt Ovhende, so hadde han ikkje gløymt aa nemne det, naar han tala til Folke i Apostelgjerningar.
  9. Meistaren for Johannesboki kann ikkje hava kjent til Pauluslæra. Skilnaden er for stor: I Johannesboki er Jesu Gjerning fullførd fyri Lidingi (17: 4); hjaa Paulus er det Lidingi som er Jesu Gjerning. Men Pauluskyrkja vaks seg so sterk, at sistpaa kunde ho taka med baade Johannes-Tankane og ymist anna, og vart endaa verande Pauluskyrkja.
  10. Apostelgjerningare (som fortèl Hugvendingssogo hans 3 Gongir: 9: 3 flg. 22: 6―16; 26: 12―18) hev inkje um dette; der vert det fortalt um Paulus i Jerusalem like etter Damaskus-Sogo, og det tvo Gongir: 9: 26 og 22: 17; paa den sist nemnde Staden er det Paulus sjølv som fortèl (i ei Tale).
  11. Den Bror til Jesus som het Jakob (Mt. 13: 55) var ikkje med millom Sveinane (Joh. 7: 5; smf. Apg. 1: 14).
  12. Jakob fraarekna (um ein vil tru at Paulaus hev vori so lempeleg, at Joakob etter 2: 22, 24 i Breve sitt kunde ha fylgt ’n); etter Apg. 12: 2 var Sebedæus-Sonen Jakob drepin fyrr dette Møte vart haldi (Gal. 2: 10; Tilvisn).
  13. Etter Apg. 26: 17 sender Jesus sjølv Paulus til Heidningane i Damaskus-Syni; ja han talar um Heilaggjering „ved Trui paa meg“ plent etter Pauluslæra (V. 18).
  14. Ikkje alle trur at desse tri sist nemnde Brevi er fraa Paulus; men Kyrkja trur det.
  15. Ad Harnack: „Zur Geschichte der Entstehung des N. Test.“ II.
  16. Kyrkja hev sidan gjenomført Tanken so: det stend ikkje i vaar Magt korkje aa vilja eller aa ut-rette.
  17. Dei kristne er og „fyriaat kjende“ og „fyriaat kora til aa verte tilskipa etter Guds Sons Bilæte“ (Rom. 8: 29 o. Tilv.); Paulus er fleire Gongir inne paa den rabbinske Tanken um Fyri-Tilvære.