Hyndleljod

Fra Wikikilden

Frøya kvad:

„Vakre deg,[1] møy-mor,
vakre deg, ven,
syster Hyndla
som i helleren bur.
Ramsvart er natti,
ride me skal
til Valhalli,
til heilagt ve.

2.
Herfader bed me
i hugen oss hava;
gull han gjev
til gjævingane.
Gav han Hermod
hjelm og brynju,
og Sigmund fekk
sverd til gaave.

3.
Han siger gjev sume,
men sume rikdom,
maalhegd til mange,
mannvit til alle,
bør paa blaamyri,
bragd[2] aat skalden,
gjente-lukke
gjev han mange.

4.
Til Tor skal eg blote
og beda honom,
han stødt deg verje
og vel han laate,
endaa u-blid han er
mot jøtun-møyar.

5.
Tak no ulv ein
ut av stallen,
lat han gange
med galten min saman.“
Hyndla kvad:
„Seint mun galten
gudeveg treda;
min skjote fole
eg sàlar inkje.

6. Du falsk er, Frøya,
og freiste meg vil.
Augo dine
alt meg segjer:
din venen fylgjer
paa valferdi med,
Ottar unge,
Innsteins son.“

Barre og Reivne,
Tind og Tyrving
og tvo Haddingar,
alt det er ættti di,
Ottar heimske.

23.
Aust i Bolm
borne var dei
Arngrims sønir
med Øyfura.
Brak av berserkir
med bod um ufred
yvir land og lòg
som laus var elden;
alt det er ætti di,
Ottar heimske!
 
24.
Gunnar Baalk,
Grim Ardskave,
Jarnskjold-Tore,
Ulv ginande.
Kjende eg baae
Brodd og Horve,
hirdmenn raske
hjaa Rolv den gamle.

25.
Gude-vigde
dei gutane var,
alle ætta
fraa Jormunrek,
maagen til Sigurd
— lyd du paa sogo mi —
den folke-hovding
som Faavne vóg.

26.
Var den kulten
av Volsung-ætti,
rann det i Hjørdis
Raudung-blod,
og Øylima var
fraa Audlingar komi
alt det er ætti di,
Ottar heimske.

27.
Gunnar og Hogne
ervde Gjuke
saman med Gudrun
syster deira;
inkje var Gutorm
av Gjuke-ætti,
men likevel bror
til baae desse;
alt det er ætti di,
Ottar heimske.

28.
Hake var hæve
sonen til Hvædna,
og til Hvædna
var Hjørvard far.

29.
Harald Hildetann,
han var son til
ringslengjaren
Rørek Aud-son,
Aud den ovkloke,
Ivars dotter,
men Raadbard var
far til Randve;
alt det er ætti di,
Ottar heimske.

(Det stutte Voluspaa).

30.
Elleve var
dei æsir talde,
daa banebeigen[3]
Balder fekk;
var daa Vaale
viljug til hemn,
banemannen
til bror sin vóg han;
alt det er ætti di,
Ottar heimske.

31.
Var Balders fader
Burs erving,
Frøy aatte Gjerd,
ho var Gymes dotter,
av jøtun-ætt,
med Aurboda;
fekk Tjasse,
frenden deira,
den skobeitte[4] jøtun,
Skade til dotter;
Heid og Rosstjov
var av Rimne si ætt.

32.
Eg mangt deg segjer,
og meir eg hugsar;
visst ingin veit det,
vil du enn lenger?

33.
Er volvur alle
fraa Vidolv komne,
visekallann[5]
fraa Vilmeid ætta,
seidmennar
fraa Svarthovde,
jøtnar alle
fraa Yme stokne.

34.
Eg mangt deg segjer,
og meir eg hugsar;
visst ingin veit det,
vil du enn lenger?

35.
Ein vart borin
i upphavs tidi,
òv-vaksin gut
av gude-ætti.
Nie mødrar,
jøtun-møyar,
ved heimsens ende
odd-kulten[6] bar.

36.
Eg mangt deg segjer,
og meir eg hugsar;
visst ingin veit det,
vil du enn lenger?

37.
Gjalp honom bar,
Greip honom bar,
bar honom Eistla
og Øyrgjava,
honom bar Ulvrun
og Angøya,
Imd og Atla
og Jarnsaksa.

Frøya kvad:
7.
„Daara er du
og drøymer, Hyndla,
trur du venen fylgjer
i valferd med meg,
der det glor paa galten
Gullinbuste,
Hilde-svine,
som hage dei tvo
dvergar gjorde,
Daain og Nabbe.

8.
Or sàlen eg stig,
me sèt oss i lag
og røder til-saman
um store ættir,
um dei gode mennar
som fraa gudane kom.

9.
Vaaga dei hev
um Vallands gull,
Ottar unge
og Anganty.
Treng dugleg rettleiding
drengen unge,
skal han fars-arven faa
av frendar sine.

10.
Han horg meg laga
med lad av steinar
— no det grjote
til glas er vorti —
fé-blode friskt
farga steinen;
jamt trudde Ottar
paa aasynjur.

11.
No du farne
feggar nemne,
ætte-tavlur
upp du bere:
kva er Skjoldungar,
kva er Skilvingar,
kva er Audlingar,
kva er Ylvingar,
kva er holdbori,
kva er hersebori,
manne-val best
i heile Midgard?“

Hyndla kvad
12.
„Du er, Ottar,
Innsteins son,
og Innstein son til
Aalv den gamle,
Aalv til Ulv,
Ulv til Sæfare,
og Sæfare son til
Svan den raude.

13.
Fars-mori di,
ho fagert var prydd,
det lyt ha vori
Ledis gydjo;
Frode far hennar,
og Friund mòri;
var heile den ætti
av høgbori folk.

14. Aude[7] i old
var ypparste mann,
Halvdan fyrr honom
høgst av Skjoldungar;

heite herstridar
dei hausane førde,
storverk det vidt
i verdi spurdest.

15.
Han med Øymund slo lag,
ovkjempa den,
og Sigtrygg han vog
med svale eggjar.
Aalmveig han fekk,
frægast av kvende,
dei ól og aatte
attan sønir.

16.
Derfraa erSkjoldungar,
derfraa er Skilvingar,
derfraa Audlingar,
derfraa Ynglingar,
derfraa holdbori,
derfraa hersebori,
manna-val best
i heile Midgard;
alt det er ætti di,
Ottar heimske.

17.
Var Hildigunn
hennar mor,
dotter til Svaava
og Sækonung.
Alt det er ætti di
Ottar heimske.
Det vardar[8] deg aa vita det,
vil du enn lenger?
 
18.
Dag aatte Tora,
drengje-moder;
òv-karar olst
i ætti den.
Fraadmar og Gyrd
og Frekar baae,
Aam, Josurmar,
Aalv den gamle.
Det vardar deg aa vita det,
vil du enn lenger?

19.
Kjetil het ven deira,
Klyps erving,
var han morfar
til mor aat deg;
der var Frode
fyrr enn Kaare,
men Hild ho var
Haalv si mor

20.
Nanna var di-næst
Nokkve si dotter,
var mannen hennar
maagen til far din;
forn maagskap,
fram gjeng eg lenger;
alt det er ætti di,
Ottar heimske.

21.
Isolv og Aasolv
sønir til Aalmod
og til Skurhild,
Skjekkils dotter;
med mange stormennar
du skyldskap rekne;
alt det er ætti di,
Ottar heimske.

22.
Hervard, Hjørvard,
Hrane, Anganty,
Bue og Brame,

38.
Vokster-auke
jord-krafti gav
og kald-sjøen gav
og galte-blode.

39.
Eg mangt deg segjer,
og meir eg hugsar;
visst ingin veit det,
vil du enn lenger?

40.
Ulv ól Loke
med Angerboda,
og Sleipne fekk han
med Svadilfare.
Ei var skjessa[9]

den aller verste,
ho var fraa bror
til Byleist komi.

41.
Loke aat hjarta,
paa linde-baal
han fann ein halvsvidin
kvende-hugstein;[10]
var Lopt barna
med det bægne[11] kvende;
fraa di ovrast alle
u-tjo i heimen.

42.
Have lyfter
seg lukt mot himlen,
leikar yvir land,
og lufti ho skjelv;
sidan kjem snø-skur
og snærande vind;
daa nærmar seg stundi
at gudar stuper.

43.
Ein vart borin
øvst av alle,
vokster-auke
jord-krafti gav.
Segjer dei honom
mest storhuga vera,
Sivs skylding,
alle stadir.

44.
Daa kjem ein annan
endaa større,
men namne hans inkje
aa nemne eg tòrer;
faae no ser
frametter lenger,
enn til Odin
skal ulven møte“
 
Frøya kvad:
46.
„Ein minnedrikk gjev
til galten min,
so kvart eit ord
han uppatt segje
av denne røda
tridje dagen,
naar med Anganty han
i ættestrid gjeng.“
 
Hyndla kvad:
46.
„Skunde deg hedan,
sova eg lyster,
faatt av fagert
du fær hjaa meg.
Ods viv, du løyp
ute um nætann,
som naar med bukkom
Heidrun bykser.

 
47.
Alltid du fór
etter Od og rann,
og fleire endaa
flaug deg kring stakken.
Ods viv, du løyp
ute um nætann,
som naar med bukkom
Heidrun bykser.“
 
Frøya kvad:
48.
„Eld eg slær
yvir skume-gygri,
so aldri du kjem
ubrend hedan.“
– – – – – –
– – – – – –
– – – – – –
– – – – – –

Hyndla kvad:
49.
„Eld ser eg brenne
og jord loga.
Løyse vil alle
live sitt:
ber du Ottar
bjor[12] til hande,
eiterblanda
uheils-drikk!“

Frøya kvad:
50.
„Uheils-ordi
skal inkje skada,
um, jøtun-møy,
mein du lovar.
Drykken dyre
drikke skal han,
og alle gudar
Ottar hjelpe.“

 

2. Hermod, kann-hende han som reid helvegen; sjaa s. 32.

Sigmund, far til Sigurd Faavnesbane, son til Volsung. V. 3. Bragd aat skalden. Sameleis fortel Odysseen 1,347, at Zevs gjev skaldane hugskot.

5. Gullinbuste er etter Snorre namn paa galten til Frøy. Namne finst endaa i ei regle fraa Ø. Slidre i Valdres:

„Aa mannen han saadde sitt goe kødn
i aakerhødn
aa ba de skulle mæ freden stande.
So kom den purka Forgyllande-bust,
aa aat no upp de góe kødn som mannen saadde.“

(Sml. verse fraa austlande: „Kjeringa sette seg paa purka og reid.“) Hildesvin, stridssvin, ogso namn paa ein hjelm skapt som ein galte.

9. Valland tyder vanleg det nordvestl. Frankrike, Bretagne. Valir (angels, vealas), keltar, upph. folki volcae i Mid-Europa, ogso folki i Italia. (Rumvalir = romarar).

11. Etter Fundinn Noregr hadde Skilvingar eller Skjoldungar og Audlingar upphave sitt fraa Halvdan, v. 14 .

Elles vert det trutt at Skjoldungar var ei dansk konge-ætt, Skilvingar ei svensk, angels, skilfingas, s. 56. (= Ynglingar), Audlingar (gjævingar) i vestlandi; Ylvingar er det same som Volsungar.

22.Sume av namni her og v.14og18og24finnein kann-hende endaa att i remsur (gamle ættetavlur?) helst fraa Telemork: Hrane (Rane), Brame (Bram), Tyrving (Dyring), Dag, Aale, Gunnar.

Ymse namn finn ein ogso att i sogo um Orvarodd og um Hervor, i Fundinn Noregr og hjaa Saxo.

23. Tyrving heiter i sogo um Hervor eit sverd, det som hev komi fraa Tervingane (eit folkeslag i Mid-Europa)?

25. Jormunrek, gote-kongen Ermanarik † ikr. 376; etter sume sogur gift med dotter til Sigurd Faavnesbane.

26. Hjørdis var mor til Sigurd og dotter til Øylime, Audling, ætta fraa Aude av Halvdans ætt, og soleis skyld med Ottar, som gjenom Volsungane ogso vart skyld med gudane.

30. Tanken um 12 gudar hev vonleg upphave sitt fraa romarane.

32. Heid, sjaa Voluspaa 24.

Rimne, sjaa Skirn. 28.

33. Yme, sjaa Vavtr. 21.

35-38. Meint er Heimdall.

Gjalp og Greip segjer Snorre er døtrar til jøtunen Geirrød. Jarnsaksa, ho med jarnsverde, var Tor gift med. Øyrgjava, ho som inge gaavur gjev. Angøya, kanskje And-gøya, ho som gøyr imot ein (sml. græsk Agave). Imd, ima kanm tyde ulv. Sume meiner at her er tenkt paa sjøbaarur (døtrar til Raan) eller paa elvar.

Dionysos, var det sagt, hadde tvo mødrar, Semele og Zevs, og mange sògmødrar, nymfur; tvo av desse hev namn som likjest paa namn her. I Grimn. 13 er Heimdall glad drikkar liksom Dionysos. D. hadde ogso ein kvass odd i staven sin.

Sjaa tru um fleire mødrar hjaa finnar s. 156.

40—41. At Loke hadde født barn segjer ogso Loketrætta 23. Snorre fortel at Loke skapte seg um til ei merr og lokka jøtunhesten Svadilfare aat seg. Æventyr fortel endaa um menn som vart mødrar (eller trudde det)! Um Zevs òg gjekk det slike sogur.

43. Her maa det ogso vera meint Heimdall (Tor, meiner sume).

44. „Ein annan“ er meint aa vera kristindoms gud; Joh. op. 19, 12.

46. Heidrun, sjaa Grimn. 25 .

Edda-kvæde. 12

Ottar. Ætti hans vert rekna attende i mange greinir:

1. Gjenom far hans, Innstein, yvir Ulv og Sæfare til Svan. Innstein veit me var mannen til kong Haalv paa Hordaland som livde ikr. 800. (Far til Innstein er andre stadir kalla Alv den gamle, jarl paa Hordaland.) — Ottar skulde daa ha livt i det 9. aarh.

2. Gjenom farmor hans yvir Frode og Aude til Halvdan. Halvdan gamle var etter Fundinn Noregr son til kong Ring paa Ringerike og hadde 18 sønir, millom deim Aude, og Dag gift med Tora, som hadde 9 sønir, millom deim Arngrim og Ole (= Aalv gamle, v. 18?), ættfar til Ragnhild gift med Halvdan Svarte. Frode var (meiner F. Jonsson) far til Kjar eller Kjaar = Kjarval konge i Sud-Irland i 2. helvti av 9. aarh. Kjar skulde daa vera bror til Ledis, godmor eller (etter Bugge) mor til Ottar[13], som ogso etter denne rekningi kom til aa liva i det 9. aarh., med skyldfolk i Irland.

3. Gjenom mor og mormor hans yvir Kjetil, Klypp og Kaare (Horda-Kaare?) til Frode.

Ein kunde tru at det er den same Ottar som det er fortalt um i den angels. umsetjingi av heimsogo hans Orosius, at han var hjaa kong Alfred i England og noko fyri 870 fortalde um reisa si til Bjarmeland, og budde nørdst i Norig; kann hende den same som seinare sogur kallar Orvar-Odd, som sveiv baade i Bjarmeland, i Irland og i Sverike, og drogst med Arngrimssønine, Anganty og brørane hans, paa Samsøy.

Anganty. I Bjovulf er det nemnt ein svensk konge Angenþeow. Angandes heiter (etter frank, kjelde) ein danske fyrst i det 9. aarh. Theow (got. þius), træl, eller det same som thegn.

Sogo um Hervor nemner 3 som het Anganty: son til Arngrim, og son til Hervor Angantys-dotter, og soneson hennar, Anganty Heidreksson, som raadde yvir gotane daa Kjaar raadde yvir valine (= Kjarval i Sud-Irland) og Alrek den frøkne raadde yvir anglane.

Bolm (v. 24) øy etter Snorre, ligg paa Haalogaland etter sogo um Hervor. Bolms-ø i sjøen Bolmen i Småland. Bolma gamalt elvenamn i Verran, Innerøyi.

Arngrim berserk var etter Fundinn Noregr son til Dag (og Tora) Halvdansson. Saxo kallar Arngrim ei svensk kjempe. Er den Anganty Ottar skal stridast med um arv sonen til Arngrim Dagsson? Daa er han trimenning med godmor hans.

Homer fortel i hymnen til Afrodite at ho elska Anchises. Han lova aa byggje altar og ofre til ho, um ho vilde vera honom naadig. Sml. Hyndl. 10. Ho gjev seg ut for aa vera dotter til Otrevs. Ho fortel Anchises at ætti hans hev vori høg og stadi gudane nærmast av alle menneskje, og ho nemner sume av ættfolke hans fraa forne tidir.

Namne Hyndla (bikkje) meiner S. Bugge skriv seg fraa sibylla (bylla, bulla, bolla, volla, volva[14] Cumæa (Cymea, cynea, tydd som græsk, hund).

Vergil fortel at Æneas, son til Anchises og Venus, gjeng til ei holu og raakar sibylla Cumæa, og ho fylgjer honom midnatts leite til dei daude i Elysium, der han skal faa vita um alle sine etterkomarar (genus omnetuum . . . disces; Æneïd. V, 737), og han skal ofre blod. Anchises spaar um ein megtug mann som skal koma med gullalderen (Æneïd VI og Ecl. IV). Namni Ottar, Innstein, Anganty minner um Otreus, Æneas, Anchises.

Skalden hev vonleg høyrt fortalt um desse etter Homer og Vergil, men blanda namni ihop.

Olrik finn likskapar i jolareidi med „fruga“ i fyri-enden, og trur at skalden hev vori fraa Hordaland; sameleis F. Jónsson (tid. 950—75. Det stutte Voluspaa innskot fraa 12. aarh.).

Vergil var kjend i Irland i det 9. og 10. aarh., og Bugge trur at upphave til kvæde skriv seg fraa ein nordmann vestpaa øyane der fyrst i det 11. aarh., og at der inkje er seinare innskot.


  1. Vakre seg, faa seg aalvakin.
  2. Bragd, maate aa arbeide paa, „form“.
  3. Banebeig, daude-skade.
  4. Skobeitt, hardsett.
  5. Visekall, runekall.
  6. Odd-kult, ein som er namngjeten for odden sin, spjot eller sverd.
  7. eller Aale.
  8. Vardar deg, kjem deg ved.
  9. Skjesse, trollkjering.
  10. Hugstein, hjarta.
  11. Bægin, meinsleg.
  12. Bjor, godt øl.}}
  13. Haalvs sogu kallar mor til Innstein Gunnlod. — Andre trur at Kjar kjem av Cæsar.
  14. Andre trur at volva heng ihop med volr, stav, so det skulde tyde stavkjering.


Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.