Grimnesmaal

Fra Wikikilden
Kong Raudungs sønir.

Kong Raudung hadde tvo sønir, den eine het Agnar, den andre Geirrod. Agnar var tie vintrar gamall, og Geirrod aatte vintrar. Dei rodde, tvo paa baaten, med snøri sine og skulde fiske smaafisk. Vinden dreiv deim ut paa have. I nattmyrkre støytte dei mot eit land, og dei gjekk upp og fann ein kot-bonde; der var dei um vinteren. Kjeringi fostra Agnar, og kallen fostra Geirrod og lærde honom ymse raadir. Um vaaren gav kallen deim eit skip. Men daa han og kjeringi fylgde deim til strandi, daa tala kallen i einmæle med Geirrod. Dei fekk bør og kom til baatstødi aat far sin. Geirrod var fram-i skipe, han sprang upp paa land, men støytte skipe ut, og mælte: „Far du no dit der troll have deg!“ Skipe rak ut til havs. Men Geirrod gjekk upp til garden, han vart vel fagna, men far hans var daain daa. So vart Geirrod tekin til konge og vart ein aagjæt[1] mann.

Odin og Frigg sat i Lidskjalv og saag ut yvir alle heimar. Odin mælte: „Ser du Agnar, fostersonen din, kor han èl born med ei gygr i helleren? Men Geirrod, fostersonen min, er konge, og sit no i sitt land.“ Frigg, segjer: „Han er slik ein matniding, at han er ill mot gjestine sine, dersom han tykkjer dei kjem for mange.“ Odin segjer at dette er den verste lygn; so vaagar dei um dette. Frigg sende terna si, Fulla, til Geirrod. Ho bad kongen vara seg, so han inkje vart forgjord av den trollmannen som var komin der til lande. Han var kjensleg paa det, sa ho, at ingin hund var so olm at han sette paa han. Men det var den verste heimløysa, at kong Geirrod inkje var matgod. Likevel lét han handtaka den mannen som hundane inkje vilde setja paa. Mannen bar ei blaa skinnkappe og kalla seg Grimne. Og endaa dei spurde han ut, so gat han inkje eit ord meir um seg sjølv. Kongen lét han pine og vilde faa maal i han, og sette han millom tvo eldar, og der sat han aatte nætar. Kong Geirrod hadde daa ein son, som var tie vintrar gamall, han het Agnar etter bror hans. Agnar gjekk burtaat Grimne og gav han eit fullt horn til aa drikke, og sa at far hans gjorde ille, med di han pinte denne saklause mannen. Grimne drakk ut; daa var elden komin so langt at han svidde skinnkappa til Grimne. Han kvad:

1.
Heit er du, eld!
og du hosti høgt slær;
vik undan, vaae!
Um eg mudden[2] lyfter,
endaa luktar han svidd,
fatne[3] gjer feiden.

2.
Her aatte nætar
millom eldar sat eg,
mat baud ingin meg
utan Agnar einast;
og einast skal raade
i Gotaland Geirrods son.

3.
Heil deg, Agnar!
heil deg byd
Vera-ty vera;
for ein einaste drykk
du aldri mun faa
meir lagleg like.[4]

4.
Land er heilagt
som eg liggje ser
aasom og alvom nær;
men i Trudheim
Tor skal vera
til tivar mun trjote.

5.
Ydalar heiter
der som Ull hev
sine salar reist;
Alvheim Frøy fekk
i fyrnde-heimen
av tivar[5] i tann-fé.

6.
Gard er den tridje,
der blide gudar
med sylv tekte salar,
Valaskjalv velbudd
vyrkte seg der
aas i upphavs tid.

7.
Søkkvabekk heiter den fjorde,
og der dei svale
baarur yvir bærlar;

der Odin og Saaga
drikk alle dagar
glade or gull-kjeri.

8.
Gladsheim heiter den femte,
dera gull bjart
Valhall mun vera;
Ropt der krev
kvar ein dag
den vaapndaude valen.

9.
Audkjent[6] er det,
naar til Odin ein kjem,
salhuse aa sjaa;
med spjot er det sperre-lagt,
med skjoldar salen tekt
med brynjur benkir
straadde.

10.
Audkjent er det,
naar til Odin ein kjem,
salhuse aa sjaa;
varg der heng
vestanfor dør,
ørn druper[7] yvir.

18.
Andrimne lèt
i Eldrimne
Særimne sjode:[8]
ovgodt flesk,
men faae det veit
kva einherjar mun eta.

19.
Gjere og Freke
mettar geir-hæve
fræge Herjafar;
men av vin einast
vaapen-gjæve
Odin alltid liver.

20.
Hugin og Munin
kvar morgon flyg
yvir verdi vide;
eg fæler for Hugin
at heim han ei rekk,
endaa meir eg ottast for Munin.

21.
Tund tyt,
Tjodvitnes fisk
uner[9] i elvi;
strid gjeng aai,
ho ov-tung tykkjest
aa vada for val-kjempur.

22. Val-grindi ho
paa vollen stend,
heilag for heilage led;
forn er den grindi,
men faae det veit
koss ho i laas er luka.

23. Fem hundrad dørar
og fyrti til
eg trur det i Valhall mun vera;
gjeng aatte hundrad einherjar
i senn or eine døri,
naar dei fèr og vargen skal vega.


25.
Heidrun heiter geit,
paa halli ho stend
og gneg av Læråds greinir;
eit skaft-kjer ho fyller
med den skire mjød,
den mjelten[10] aldri minkar.

26.
Eiktyrne heiter hjort,
paa halli han stend
og gneg av Lærads greinir;
fraa horni dropar
dett i Kvergjelme,
der vatn alt hev sitt upphav.

36.
Rist eg vil og Mist
skal rekkje meg horn,
Skjeggjold og Skogul,
Hild og Trud,
Lokk og Herfjøtur,
Goll og Geironul,
Randgrid og Raadgrid
og Reginleiv:
dei gjev einherjom øl.

42.
Ynde hev hjaa Ull
og alle gudar
den som fyrst brandane flytjer;
for daa opnast heimar
um aasa-sønir,
naar kjèlane kjem ifraa.

45.
Ein svip hev dei sétt
av meg, sigtiva-sønir,
daa vonar eg hjelp er aa vange;
det inne hjaa alle
æsir vert spurt
kring aaren hjaa Æge,
ved øle hjaa Æge.

46.
Grim eg heiter,
Ganglere eg heiter.
Herjan og Hjalmbere,
Tekk og Tridje,
Tunn og Unn,
Herblinde og Haar.

47.
Sann og Svipall
og Sanngjetall,
Herteit og Nikar,
Biløyg, Baaløyg,
Bolverk, Fjølne,
Grimne, Glapsvinn og Fjølsvinn.

48.
Sidhatt, Sidskjegg,
Sigfader, Nikud,
Allfader, Valfader,
Atrid og Farmaty;
berre eitt heite
hadde eg aldri
naar millom folk eg for.

49.
Eg kalla meg Grimne
i Geirrods sal,
men Jaalk hjaa Aasmund,
men den gong Kjalar
daa eg kjelkar drog,
Tro paa tingom,
Vidur i vigom,[11]

Oske og Ome,
Jamnhaar og Bivlinde,
Gondle og Haarbard hjaa gudar.

50.
Svidur og Svidre
hjaa Søkkmime het eg
og daara den aldruge jøtun,
daa til den mæte
Midvitnes-sonen
eg vart einbane.

51.
Ør er du Geirrod,
ovdrukki hev du,
magtstolin er du av mjød;
mykje hev du mist,
daa mi hjelp du miste
og tekkje hjaa einherjar og Odin.

52.
Lengi eg tala,
men lite du ansar,
vela du vert av venir;
sverde til venen
eg ser her liggje,
og raudt blod av det renn.

53.
Ygg skal eige
den som egg i raamar,
live ditt veit eg er lidi;
yvne er disir,
no Odin du ser;
kom meg nær, um du naar meg.

Kong Geirrod sat og hadde sverde yvir knéi, og. det var dregi halvt ut. Men som han høyrde at Odin var komin der, daa stod han upp og vilde taka Odin burt fraa elden. Sverde glapp or handi hans og handtake snudde ned; kongen gleid med foten og stupte framyvir, men sverde stod igjenom han, og han fekk banen sin. Odin kvarv daa burt. Men Agnar var lengi konge der sidan.

Innskot i Grimnesmaal.

11.
Trymheim heiter den sette,
der Tjasse budde,
den ovsterke jøtun;
men no byggjer Skade,
skire gude-brur,
paa forne fars-tuftir.

12. Breidablik er den sjaunde,
og Balder der hev
sine salar reist;
i det lande,
der eg liggje veit
minst av mein-runir.


13.
Himinbjørg er den aattande,
og der mun Heimdall
for veom valde;
der gude-vorden
drikk i vene hall
glad den gode mjød.

14.
Folkvang er den niande,
der Frøya raader
kven eige skal sess i sal;
ho krev den halve
valen kvar dag,
den andre halve eig Odin.

15.
Glitne er den tiande,
paa gull-stolpar reist,
med sylv er take tekt;
og Forsete bur der
dei fleste dagar
og stiller alle sakir.

16.
Noatun er den ellefte,
og Njørd hev der
sine salar reist;
manna-drottnen
den meinlause
raader for høgtimbra horg.

17.
Grótt med ris
og med høgt gras
er Vidars land, Vide;
synest kulten,
som sit paa hesten,
fus til far sin aa hemne.

24.
Fem hundrad golv
og fyrti til
er i Bil-skirne vidt og breidt;
av alle dei hallir
som eg veit reiste,
son min den største eig.

27.
Sid og Vid,
Sokin og Eikin,
Sval og Gunntro,
Fjorm og Fimbul-tul,
Rin og Rennande,
Gipul og Gopul,
Gomul og Geirvimul,
dei renn kringum gude-grend,
Tyn og Vin,
Toll og Holl
Graat og Gunn-torin.

28.
Vina heiter ei,
Veg-svinn ei onnor,
ei tridje Tjodnuma;
Nyt og Naut,
Nonn og Ronn,
Slid og Rid,
Sylg og Ylg,
Vil og Von,
Vond og Strond,
Gjoll og Leipt,
dei gjeng nær Mannheim,
og sidan dei horver til Hel.

29.
Kormt og Ormt
og Kjerlaugar tvo,
deim han dagleg
vassar, Tor,
naar til tings han fer
ved Yggdrasils ask;
di at aas-bru
stend all i loge,
heite er heilage vatn.

54

30. Glad og Gylle, Gler og Skeidbrime, Silvrintopp og Sine, Gisl og Fal hovne, Gulltopp og Lettfete, dei folar ber dagleg tivar fram naar tri tings dei fer ved Yggdrasils ask. Tri røtar stend paa tri sidur 31. under Yggdrasils ask; Hel bur under ei, under ei rimtussar, ved den tridje Mann- heims menn. 32 Ratatosk heiter ikorn som renne skal etter Yggdrases ask; ord han ovan fraa ørni ber og ned til Nidhogg deim fører. 33. Hjortane fire halsen rekkjer og bit av grøne greinir: Daain og Dvalin Dunøyr og Duratro. 34. Ormar ligg det fleire under Yggdrasils ask enn ukunnig ape veit av; Gom og Moin, dei er Gravvitnes sønir, Graabak og Gravvollud, Ovne og Svaavne alltid eg trur skal paa greinine gnaga 35. Yggdrasils ask illt det heve meir enn menn det veit hjort bit i topp, tre-leggen iblnar, Nidhogg riv i rot. 37. Aarvak og Allsvinn dei upp skal hedan svange draga sol; mil lom bogane deira bøygde milde gudar, æsir, kalde jarn. 38. Svalin raun stande framfyri sol, skjold for skinande gud berg og brim eg veit brenne skal, um han fell ifraa. 30. Skoll heiter ulv, fylgjer skirleitte gud alt til vernande véd; ein annan er Hate, han er Rodvitnes son og fyri reine himil- bruri renn 40. Av Ymes hold jordi vart skapt, av blode baarut hav, berg av beinom, buskar av haare og av hausen himil. Brim, brotsje, hav. 55 41. Av brunine hans Odin av æsir, gjorde blide gudar Midgard for manna- og av øykir Sleipne,. Bilrost av bruir, Brage av skaldar, Haabrok av haukar, og av hundar Garm, sønir; av heilen hans vart hug-stride skyir alle skapte. 54. Odin eg no heiter, Ygg het eg fyrr, Tund fyri den tid, Vak og Skilving, Vaavud og Ropta-ty, Gaut og Jaalk hjaa 43. Ivaldes sønir i upphavs tid gjekk Skidbladne aa skapa, det skipe beste for den skire Frøy, nyte sonen til Njørd. gudar, Ovne og Svaavne, sitt upphav eg trur fraa meg aaleine hev 44. Yggdrasils ask er ypparst av tre, og Skidbladne av skip, alle. Nvt. hæv. Namne Raudung finst berre her og i Hyndluljod, men er visst inkje meint um same mannen paa baae stadir. Agnar, tysk Eginhard. — Geirrod, upphavleg Geir-frod. Troll. Det stend sinyl, og dei hev gjeti paa at orde tyder troll. Kanskje det kunde vera same orde som smol" ( nsm6l" Gauldalen) *), knusningsprodukt, splinter", sml. i smildr* (Tel.) so at meiningi var denne : far dit der baaten vert knasa til smol. Lidskjalv tyder benken ved lede eller porten. Torbjørn Hornklove kallar himilen for soli silt høgsæte. 2) Og fraa fyrstundes er det vel sol-auga som er tenkt aa hava vidsyne ut yvir heimen. Denne tanken er gamall. Homer fortel at solguden Helios ser og høyrer alt, liksom Zeus sit paa Ida fjelle og ser ned i verdi. Ei segn hjaa langbardane melder at Odin saag ut gjenonn glase sitt, med det same soli spratt. I Skirnesmaal er det Frøy som er solgud og hev denne sessen. a) Sidan, daa Odin vart ein solgud, vart det til det (hjaa Snorre), at Frøy hadde sett seg upp uløyves. ») av smala: sml. niul og myl (mol) av mylja, som vel heng ihop med mala <i Tel.) 2) Sml. Math. 5, 34: Himilen er stolen til Gud. 3) Ogso Heimdall, segjer Snorre, ser 100 rastir og høyrer alt fraa Himinbjørg. 56 M. Moe meiner at fraa Irland (sogur um Tundal o. fl.) hev det komi drag til auking av den gamle heimlege utsyns tanken. Eit gardsnamn Lidskjalg i Hardanger er nemnt i ei jorde bok fraa Bergen. *) O. Rygh trur det karm hava samanheng med Lidskjalv. Elles finst roti skjalv i fleire gardsnamn (skjelve, Skjæveland o. fl.), Skjelva eit berg i Lofoten. I Sve rike: Loaskjalv og Viskjalv (lundesæte, tempelsæte eller det heilage høgsæte) i Uppland. 2) Ved Iwende-list vert Odin nøydd til aa brigde venskap fraa Geirrod til Agnar, sameleis som i segni um langbardane, som diktaren vonleg hev kjent. Vandalane bad Odin um siger yvir vinilane. Han lova aeim siger som han fyrst kom til aa sjaa naar soli spratt. Vinilane gjekk til Frigg; ho sa dei skulde koma ved solrenningi; og kvendi skulde sveipe haaré um andlite, so det saag ut som skjegg. Og ho stelte det so, at Odin fyrst fekk sjaa desse og spurde kven desse langbardane (langskjeggane) var. Daa laut han gjeva desse siger. — Siger •driyumaal fortel um at Hjalmgunnar, som var lova siger av Odin imot Agnar, vart feilt av Sigcrdriva. Der og raadde kvinna paa Odin. Grunne (heng i hop med grima, skjerm som løyner andlite); lian som fer med huldu høfoi" ; ogso Grim. Agnar son til Geirrod er vel tenkt aa vera broren som •er fødd upp att. Ogso i Irland trudde dei at naar ein vart fødd upp att fekk ein same namne. Millom eldar. Um kong Hjørleiv fortel Halvs-sogo at han Tart hengd millom tvo eldar. Kannhende det same vart gjort med Odin. Tvo brørar. S. Bugge hev synt at til grunn for sogo um •dei tvo brørane ligg det eit eventyr som endaa vert Fortalt i Nordland og Finnmarki i ymse brigde, og desse karm ein samle til eitt, soleis: Tvo brørar var ute paa sjøen og fiska. Baaten dreiv til havs; dei landa paa ei øy og fann der ein blaaklædd kall med sidt skjegg. Der hadde dei det gildt; kor mykje folk aat og drakk, so minka inkje mat eller drykk. Paa stogu-take beitte ei kvit geit med gylde horn, og eit jur hadde ho som den største kvi. Daa dei skulde reise att, skuva den eine broren baaten ut og lét den hin vera att, for at han kunde faa fars-arven for seg sjølv. Den hin vart gift med ei hulder og var rik og lukkeleg. Daa den fyrste broren spurde dette, reiste, han og attende til øyi; men daa gjorde tuftefolke han tullut. Ogso um Starkad er det fortalt at han vart fostra ar Odin (Rosshaarsgrane) paa garden Ask paa Fenring (Askøy) paa Hordaland. Fraa Setisdal er det fortalt at Verland saman med tro ') Kalvskinn fraa ikr. 13C0. 2) Skilvingar tydde soleis. anten: dei som sit i høgsæte, eller: dei som er av Skjalv-ætti. 57 andre smaagutar var ute og rodde, baaten kvelvdest, dei hine vart burte, Verland kom paa ei øy og vart fostra av ein troll mann som var smed. 3. Vera-ty, manna-gud, Odin. Gota-land er inkje namn paa noko land, men berre ei poetisk stad-festing. Baade vest gotar og austgotar og folke paa Gotland vart kalla gotar. 5. Ull er inkje nemnd mange stadir. I v. 42 lovar Odin at Ull og alle gudar skal løne den som hjelper honom; han tykkjest der vera den fremste av gudane na ar Odin er burte. I Atlakvida 30 er det tala ura eidar som er svorne vedSigtys (Odins) berg og Ulls ring; der er han sett ved sida av Odin. Og her i Grimn. v. 5 er Ull nemnd næst etter Tor og fyri Frøy. Ingin gud gjeng att i so mange gardsnamn som Ull (og Ullin) heilt upp til Nordmøre (paa austlande mange samansetningar med vin og hov). I Sverige og finst mange slike namn. Det «r soleis grunn til aa tru at han i utgomol tid hev vori ein storgud. Tor er kalla Ulls maag (Haustlong). Maag tyder verson eller verbror; Ull maa daa vera anten far eller bror til Siv. Seinare tru maa det vera, naar Snorre segjer at Ull er son til Siv, stykson til Tor. I Torsdraapa er Tor kalla Ulls gulle (ven). Ollerus heiter han hjaa Saxo, som segjer at han dreiv Odin burt og sette seg i staden hans. Sanningi var vel fraa det fyrste heller den. at det var Odin som dreiv burt Ull og sette seg sjølv i staden hans. Namne Ull vert tydt: den straalande, og det er meint at han hev vori den store himil guden. Men litt um senn hev han loti vike for nyare gudar, so at han hjaa Snorre og Saxo berre er ein itrotts-gud for - skilauping og skeisserenning og bogeskjoting. Namne paa heim staden hans i Grimn. peikar ogso dit. Ydalar tyder dalane som det finst yr i, det er barlind, som dei gjorde bogar av. Skalden hev kanskje kjent gardsnamne Ydalir. som hev vori brukt i Hyllestad, Sogn. Yvin, gard i Tune, er kanskje ogso samansett med yr, barlind. 5. Alvheim. 1) Alvane er vel fraa det fyrste tenkte aa vera aandir til avlidne menneskje, som hev havt guddoms-vyrdnad fraa utgomol tid. (Daain riste runir for alvar, segjer Haava maalj. — Det er fleire slag alvar. Ljosalvane, som bur ved Urdar-brunnen i Alvheimar, fortel Snorre, er ljosare enn soli. Alvar er saman med æsir i gilde hjaa Æge (Loketrætta), og i Skirn. stend æsir og alvar saman liksom i Trymskv. Til alvane vart det blota for sjukdom, og elles kvar jol; og det er meint at alveblotingi er den upphavlege formi for norrøn jole-fest. Dei gjorde veitsle" aat alvane, er det sagt. Dei avlidne skulde ein hugse, naar ein sjølv hadde fest. Endaa er det skikk sume stadir, at maten skal stande paa borde heile joli, um dei skulde koma. Etter folkesogur fraa Island er alvelande fagert, der er ') Gardsnamni Alve og Alvheim meiner O. Rygh kjem av eit ord alv soi» tyder {kvit) jord, aur. 58 skog og blomar; 1) galder opnar vegen dit, det ber gjenonr skodd og mjrker eller yvir have. Ljos- al vane var raudklædde og fagre, ljose og luftige, venare enn noko menneskje; fager som ei alvkone" heiter det. Døkk-alvane, segjer Snorre, bur under jordi og er svarte som bik. Dvergane vart vel og i gomol tid haldne for alvar, soleis som dei endaa er det paa Island. I Alvis-maal er alvar nemnde millom jøtnar og dvergar. I skalde-maale er ogso Alvheim det same som Jøtunheim. Og sume meiner at alvar og jøtnar daa var det same. I Sverige vert dei kalla elvor, i Danmark ellefolk. Alvefolk vert dei ogso nemnde i Norig, men vanleg hev det komi upp nyare namn: haugafolk, vette folk, hittfolk, medelsfolk, huldrir. Dei gamle tykkjest hava meint at dei avlidne, alvane, hadde ymse heimar: hjaa gudane (hjaa Frøy i Alvheim eller hjaa Odin i Valhall eller hjaa Frøya eller hjaa Tor), hjaa Hel dei som sottdøydde, hjaa Ran dei som drukna, i gravhaugen (Olav Gudrodsson, Geirstada-alv) eller i fjelli. 2) Etter vanleg folketru synte alvane seg ofte; dei tok daa mannaham. Stundom kunde ein sjaa deim ride i store flokkar. Det hende dei kvarv braatt burt som ein skugge. Dei hadde sine eigne husdyr. Ein fekk inkje staake for mykje kringum haugen der dei budde. Dei hadde mykje samlag med folk. Alvar og alvkonur fekk stundom born med menneskje. Ein laut ofte gjeva deim. nærkone-hjelp. Alt dette finn me endaa att i folkesegnir. Alveblote hev haldi seg sume stadir til seinaste tid. I Soløyr vert det endaa fortalt at alvar dansar ute um natti kringum ein eld. Tannfé. Ofte var en ring, et sverd, eller ogsaa en træl, der var av same alder som det nyfødte barn, og som blev opdraget sammen med dette." (A. Bugge). I N. Øystredalom brukar dei endaa stundom aa gjeva barne ei ku, naar det fær fyrste tonni. Kvi vert daa heitande Tairn ros eller Tann-snor (= snét?) I Telemork finst ku-namne Tann-reid. Tann-gaava er ogso brukt i Finnmarki endaa. 6. Vala-skjalv kunde ein tyde høgsæte til Vaale", der som det var meint at Vaale hadde vori ein aas fraa upphavs tid". Men dette yilde inkje høve med Balders draumar", utan ein maatte tenkje seg at Vaale vart fødd kvar vaar. — Vala skjoll er det gamle namne paa prestegarden i Tune lAustf), etter O. Hygh av vall rudning. 7. Søkkva-bekk. Sekkebekk heiter ein gard i Vestby (ogso namn i Jylland). ') Tanken um det blømande alvclande er det meint kom til oss fraa keltane og upphavleg fraa Hellas (Radaniantys og dei elysiske markir). Den norrøne daudeheimen var fraa fyrsto sk"um og vaat. ') Torolv Mostrarskjegg meinte at han med alle sine frendar etter dauden skulde fara til Helgefjell, og tier skulde det vera slik ein helgestad at' der maatte inkje koma noko ureint. 59 Saaga (av sjaa), den som er framsynt, er vel namn paa Friflo. Søkkvabekk vilde daa vera same staden som Fensahr (i have). S. Bugge trur at namne er umtydt av (droningi av) Saba, som Salomon, etter ei forteljing, bygde ein glas-sal aat, der vatn risla yvir og under. Saagones (Saagnes) gard i Hvilestad i Sogn. . 8. Gladsheim, den straalande heimen. Gladheim heiter ein gard i Rollag (Numedal). . Ropt, namn paa Odin, etter S. Bugge umtydt av Kristus. Andre: talar (av ropa). 9. Skjoldar er brukt til tak-tekkjing i staden for næver. Ein bilætstein paa Man tykkjest hava ei framsyning av dette. 10. Varg og ørn er Odins serskilde dyr. Ein vigde folk til Odin ved aa hengje deim, og daa varl stundom tvo vargar hengde attmed. , 18. And-rimne, han som vert sotut i andhte, kokken. - Eld-rimnc, han som vert sotut yvir elden, kjelen. — Sæ-rimne, han som vert sotut i di han kokar i vatn, grisen. Paa ein. stein paa Man ser ein bilæte baade av einherjar (med fugle hovud) og grisen. Snorre fortel, at kor mykje dei aat av grisen, so var han like heil att um kvelden; sameleis fortalt um svin i irske sogur og um bukkane til Tor. Aalment eventyr-drag. 19. Gjere (gjer, graadug) og breke (frek, graadug, ram) var ulvane til Odin. 20. Hugin (tanke) og Muniii (minne) var ramnar som drog ut um morgonen og kom att ved dogurds-leite og for talde Odin kva dei hadde sett og høyrt, segjer Snorre. — I millomalderen var den heilage anden tenkt som ei duve sitjande paa herdi til Gud fader. 21. Tund (den svellande) maa vera namn paa ei elv soirb renn rundt um Valhall (ogso elvenanm i Høland). Tjodvitne (den ovstore vargen) er sol-ulven, meiner sume. Med fisken skulde daa vera meint soli. S. Bugge tyder Tjod vitnes fisk: den ovstore fisken. Val-glaum anten eit anna namn paa clvi ved Valhall, eller: den larmande flokken av einherjar. Sml. eit vers i Draumkvæde: Men dei som for ivi Gjallar-hylen. dei kom so vaate fram. visionerne fortæller om vadning af elver i de dødes rige." (M. Moe). 25. Heidrun (Chaideruna kvendenamn hjaa irankane), ho som eig heidrs-runir. Ei hellensk segn fortel at geiti Amalteia fødde upp Zevs,, med han var barn. Paa eit gamalt bilæte som er i Laterane i Rom ser ein ei geit ved roti av eit tre og ein bukk attmed. Upp etter treleggen snur seg ein orm mot eit fugle-reir, ein em sit attmed. Sml. Grimn. 2G og 32. Lærad (tun-tree ved Valhall), etter S. Bugge upphavleg latii* 60 species lauri, angelsaks. laur-had, som danskar i England gjorde til låraSr. Ei onnor tyding: den laar-digre eller den krokute, av lær (sml. elvenamne Læra eller Læri i Sogn). Roti i dette orde skal upphavlcg tyde: vera krokut. 26. Eik-tijrnc. Namne meiner vel paa at hjorten hev klungrute horn. Kver-gjelme (den durande kjelda) er, etter Snorre, i Nivl heim, under ei av ratane til Yggdrasils ask. 36. Av dei 13 valkyrju-namni raaa nokre vera innskotne seinare, daa baade verse hev for mange linur, og 13-tale er mindre høvelegt. Rist (den som rister hagl ut'?), Mist (skodd) tykkjest vera vérdisir og Odins serlege ternur. — Skeggj-old, øks-tid Skogul framifraa Hild (strids-mø}') mykje brukt i samansette kvende namn; dette tyder paa at ei strids-mey var eit kvende-ideal. Skalden Brage fortel uni Hild Hognesdotter korleis ho kveikte Jiv i striden. Trud (den sterke); soleis het og dotter til Tor. Her-fjøtur, kamp-band Det var sagt at med galder kunde ein binde her-fjøtur, som ei fjetring paa fienden. Ho hadde vel slik magt til aa klumse. Lokk fIHokk), den som bind folk i lekkjur. magtstél. Goll, gjallande Geir-onnl (spjot-svingar). Ranagrid, skjold-ofse. Regin-leiv, storætta. Odin er her tenkt som ein konge, med einherjane til hird, og døtrane sine, valkyrjune, til ternur. Elles er det tenkt at valkyrjune hev aa kaara ut deim som skal falle i slage. Odin Jieiter og Val-keri. 42. Odin sit millom tvo eldar. Og yvir eldane heng det kjelar, som skyggjer, so gudane karm inkje sjaa Odin gjenom ljoren. Sume vil hava verse umsett soleis: Ynde hev hjaa Ull og alle gudar den som med eld fyrst for. for daa opnast heimar for aasa sønir naar dei øl-kjélann tek av eld. Meiningi skulde daa vera den, at den tid folk er ferduge med øl-bryggjingi til jol, plar det vera sæle tidir for alle; daa er ingi dør stengd; alle som kom skulde etter gamall sed hava mat og drykk. Og paa ei slik tid kunde Odin ha venta ei onnor fagning enn han fekk. 45. Agnar hev vel no flutt kjelane ifraa, so gudane, som er samla i lag hjaa Æge, fær sjaa svipen av Odin gjenom ljo xen og hjelper han. 46. Ganglere (gangall), som jamt er paa ferd. Hcrjaii (her), styrar. Hjalmbere, hjelmberaren. Tekk, uneleg. Tridje. Odin gjeng ofte i lag med tvo andre gudar. Tunn, guden for den tunne, klaare lufti, kanskje umtyding av dominus. Her- Minde, den som blindar ein her. Snorre fortel at Odin kunde 61 '/ ' gjera so, at i slagi vart uvenine hans blinde eller dauve eller rædde". Håar, den høge eller den graae. 47. Svipall, umskifteleg. Sanngjetall, som gjet rett- Herteit, den som er glad naar striden stend paa. tåkar, den som støyter. Bil-øijg, med milde augo. Baal-øyg, med logande augo. Bolverk, som veid vondt. Fjølne, han som veit mykje; sameleis Fjølsvinn. Glapsvinn, han som er røynd i svik. 48. Farma-tu, farm-gud; anten for di Odin sender god bør, eller for di han bar skalde-drykken med seg fraa Gunnlod. 49. Jaalk (jalk Hard , Set., Hall.), hest. Odin bar stundom heste-ham (Rosshaarsgrane heiter han i sogo um Gautrek). I millomalderen segn um at djevelen tok svart heste-ham. Aasmund. Forn-sogur fortel at Odin sette spjote sitt gjenom GnaSar-Aasmund. Stykfar til Halv het ogso Aasmund. Kjalar, av kjøl (skip eller aasrygg). Paa timje. Mars thingsus, ting-gud, nemnd i ei innskrift i Bretland. — Tro, av troask, vekse. — Vidur, kanskje av ver. — Oske (sml. osk-møy), kanskje: han som kaarar sønir og dotrar. — Ome, ropar? — Bivlinde, han som fær skjoldar til aa riste. — Gonaie, han som ber troll-staven. — Haarbard, graaskjegg; sjaa Haarbards-ljod. Sml. Grutte graaskjegg i Draumkvæde. 50. Svidre, han som stiller bylgjune. — Sogo um Søkk niime (Mime eller risen i djupe) og (far hans?) Mid-vitne kjenner me inkje. Karm hende at det er same segni som Voluspaa og Snorre byggjer paa, og som upphavleg karm vera fortald so: Odin sette eine auga sitt i pant hjaa Mime, til aa faa visdom; sidan drap han Mime; men yvir hovude hans galdra han, so han kunde tala med det. 53. Disir, her mest det same som fglgjur; dei fylgjer ein mann eller eit hus med si hjelp. Forfatterens hensigt var — — .— den, efterhaanden al lade den drukne og blinde GeirroZr komme til forstaaelse af, al den mand, han piner, er hans gode ven og fosterfader, Odin selv, og denne hensigt skal opnaaes ved at Odin omtaler for skjellige ting, som tilhørte ham selv eller paa en eller anden maade stod i forbindelse med ham. Odins saaledes for dagen lagte nøje kjendskab til disse ting skulde aabne øinene paa GeirroSr; det vilde endnu mindre have hjulpet, om han straks havde sagt: njeg er Odin." Men GeirroSr er ikke opmærksom under Odins tale. Deri laa hans store skyld. Og aa det ikke gaar op for ham, hvem troldmanden" er, førend Odin efter alle omsvøbene ender med det nu saa virkningsfulde: nu kan du se Odin; tag mig, om du kan," udebliver ikke straffen; da var det for sent at aabne øinene. " (F. Jonsson). Etterskrifti. S. Bugge meiner at upphave til denne er den latinske sogo Vindicta Salvatoris", hjaa merovingane, von leg fraa det Bde aarh. Herodes hev gripi Jesus, pint og kross fest han, utan aa vita kven han er. Daa læresveinane til Jesus kjem, vert han rædd og fell paa sverde silt. Sonen. 62 Arkelaus vert konge etter honom. — Herodes skulde daa vera umgjord til Geirrod, og jødane til gotane. Endaa eldre er den sogo som Herodot fortel um perse kongen Kambyses, som fæler for bror sin Smerdis og drep han. Kambyses hæder Ægypt-guden Apis, som han saarar med eigi hand, so han døyr. Sjølv døyr han, saara av sitt eigi sverd, paa same staden som han hadde drepi Apis. Etter fylgjaren Gautama gav seg ut for aa vera broren Smerdis. Dei same dragi kjem att i sogo um Heidrek. Han var fostra av Gissur (Odin) og drep broren Anganty. Gjestum blinde (Odin) kjem til Heidrek, som vil drepa han, men Odin kjem seg undan, og han sa at for di Heidrek braut lovnad og drog sverde imot han. skal dei verste trælane hans drepa han. Soleis gjekk det og. Sonen vart konge, han het Anganty liksom farbror sin. Beingrindi i Grimnesmaal er ei utgomol sogu som endaa iinst att i inngangen til eventyr, soleis paa lag: ein konge hev fengi fat i eit vette som hev gjort honom skade, og han held det langa; men sonen til kongen frir det ut og fær stor løn for detle. I Tyskland er det eventyre um Grindkopf" som dette drage kjem fram i. I Telemork fortel eventyre um Aal svart og Aal kvit at ein hesteleitar kom til aa setja seg paa ei tuve, so høyrde han det naus nede i tuva. Gode gjestir hellaa ingi, " sa det nedi tuva. Dermed datt han ned i tuva og kom inn i ei stogu. Der sat det ei gygr, ei troll heks, og ho hadde ein son, heitte Gjermund. Mannen baud n god dag", og kjeringi svara Gud signe" og baud han sitja paa stabben. So sa ho det til sonen sin: Legg paa varmen,. Gjermund," sa ho. Gjermund so gjorde. Som det tok te brenne, vart det for varmt for mannen, og han vilde tukke seg ifraa; men han slapp inkje upp att. Han var klumsa fast. «Legg paa varmen, Gjermund," sa ho att. Gjermund so gjorde. Bevars vel," sa mannen. De maa 'kje leggje paa meir; det vert so varmt eg brenner meg upp." Legg paa varmen, Gjermund," sa ho, og der skal du sitja, utas du vil hava meg." karm eg hava deg, det er uraadelegt for meg. det," sa mannen. Ja no karm du sitja til du brakar som ein turr hud-sko. Legg paa varmen, Gjermund," sa ho. Ja fyrr eg skal sitja her og brenne meg upp, fyrr skal eg taka deg daa," sa mannen. Ja so vart det godt og vel, og so slapp han av stabben. — Namne Gjermund (Geir-mund) minner um Geirrod. ,. Same sogo er det kanskje som vert fortalt i Øystredalom um ein hesteleitar som kom til ein gygregard paa fjelle, der -det brann eld paa gruva og han vart sessa i høgsæte, og slapp inkje heim att fyrr um nie aar, og daa kasta risen ei gloande jarnstong elter han. . Snorre fortel at Loke kom i falkeham til risen Geirrod. JHan sette seg ved ljoren og saag ned i stogo, men vart klumsa 63 fast og handtekin. Endaa dei spurde han ut, kven han vai l)erre tagde han. Geirrod læste Loke ned i ei kiste og svelte han der i tri maanar. Daa vart han tekin upp og laut segja kven han var. Og til aa løyse live sitt maatte han lova aa føre Tor vaapnlaus til Geirrod. Tor kom og vart sessa i ein stol som lyfte han imot take. Ihalli var store eldar, og Geir rod tok ei gloande jarnstong og kasta imot Tor. Men Tor tok imot stongi med hendanc og sende ho attende mot Geirrod og drap han. I Haustlong er fortalt at Loke vart klumsa fast til ei stong som han vilde slåa risen Tjasse med, og førd etter hen dane so han mest slitna. Han slapp inkje fyrr han lova Idun til Tjasse. Utgomol tykkjest sogo vera um det vette som vart klumsa, fanga, svelt og løyst mot ein lovnad. Grimnesmaal er vel ei ihoprenning av eventyre um det fanga trolle og sogune um Loke og Tor hjaa Geirrod, til ei forteljing. Eit anna eventyr um tvo brørar vart sett attaat, og ei gudesogu um Frigg og Odin endaa lagd til iei fyri mæling. Fyrr dette kom attaat, karm sogo ha byrja soleis paa lag: Odin for ute og sveiv og kom til kong Geirrod, som inkje kjende han, men lét hand taka den mannen o. s. fr. Men um desse fyri mælingane skriv seg fraa diktaren til "Grimnesmaal eller er seinare, karm ein inkje segja noko visst. Ein karm nok tru at det er diktaren sjølv som hev skipa desse sogune ihop til eitt. Um kong Halvdan svarte og Harald fortel Snorre etter Aagrip (skrivi av ein nordmann ikr. 1190) nokre sogur som minner um Grimnesmaal. Ein jolekveld paa Hadeland kvarv maten burt fraa borde til kong Halvdan. For at kongen .kunde faa vita kven som var skuld i detta, lét han taka ein linn som var trollkunnig, og vilde nøyde han til aa koma fram med sanningi, og pinte han, men fekk ingin-ting utav han. Finnen bad so vent Harald, son hans, um aa hjelpe seg, og Harald bad dei skulde spara han, men det hjelpte inkje; men -daa fekk Harald han burt mot kongens vilje, og fylgde sjølv med han. Dei kom farande til ein stad der ein hovding heldt •eit stort gjestebod, og der vart dei godt mot-tekne, saag det ut for. Daa dei hadde vori der til vaaren, so var det ein dag at hovdingen sa til Harald: Det var fælt so stort tap far din totte det var i det grande mat som eg tok fraa han her i vinter; men det skal eg no løne deg med ei god tidend: no «r far din daain, og du skal fara heim; daa fær du heile del rike som far din hev aatt, og attaat skal du vinne heite Norig." Straks etterpaa vert det fortalt at Halvdan fekk ein (udaude, og at Harald vart konge etter far sin, 10 aar gamall. Flatøyboki fortel at Odin ein gong stal maten fraa Halv dan i joli. Og at finnen er Odin fraa fyrstundes, trur S. Bugge visst. Han meiner at Grimnesmaal ligg til grunn for forteljingi <Arkiv f. nord. fil. 1899). Sogo um at Harald vert med Odin 64 og er der til vaaren, skulde daa svara til fyrimælingi aat Grimnesmaal lim brørane som var hjaa Odin paa øyi. Ein karm spyrja: naar vart denne segni bundi attaat sogo til kongane Halvdan og Harald? Var det sjølve kvæde som meinte paa Halvdan og Harald med Geirrod og Agnar? Utenkjeligt er inkje dette. Mange likskapar er her aa finne. Halvdan var og hadde trengt eldre bror sin (Olav) til sides, sameleis som Geirrod. Harald var 10 aar daa han vart konge, sameleis som Agnar son til Geirrod. Uni sjølve Grimnesmaal kunde daa gjelde det same som S. Bugge segjer um sogune fraa den seinare tid. Sagnet om Odin hos Halvdan og Harald har vistnok engang udtrykt den opfatning, at Odin fra først af har været Halvdan Svarte huld r men siden blev ham gram. Odin volder selv, at Halvdan, da denne har forgrebet sig paa guden, finder sin død. Konge stolen maa ryddes, forat sønnen Harald ved Odins personlige indgriben kan blive konge. Denne digtning er sprungen frem af den fra hedendommen bevarede livsopfatning og er et ud tryk for den samme trang til at lade Odin personlig gribe ind ved de afgjørende vendepunkter i høvdingens liv, som den der har gjort sig gjeldende i den nordiske form af volsunge sagnet. Det er som seierens gud at Odin hjælper Harald til enevældet i Norge." Daa kunde me og skyna meiningi med aa binde eventyre um dei tvo brørane attaat Grimnesmaal; det var for di ein der kunde finne att sogo um Halvdan Svarte og bror hans. Ettersom ein finn same dragi i fyrimælingi til kvæde og i eventyr fraa Nordland, hev S. Bugge tenkt seg at ein nord lending karm vera upphavsmannen til Grimnesmaal. Og han hefter seg daa ed Øyvind Finnsson Skaldaspiller. Øyvind hev sett ihop Haakonar-maal, som hev mange likskapar i maalvegen med Grimnesmaal. Tidi skulde daa vera ikr. 950. (Studier I s. 436). Øyvind bar elles tilnamne sitt (han som skiplar skaldane") med god grunn. Han laante baade beingrind, ord og vendingar og heile vers fraa eldre skaldar; han var ein hæv skald, men hadde vondt for aa skapa raama sjølv. Ein større samskipings meister tykkjest ha skapt Grimnesmaal. Og er Grimnesmaal eit kvæde i mytemaal um Halvdan og Harald, skulde ein helst tru at det var gjort til ære for Harald med han var i fyrste bragen sin. Skildringi av live i Valhall tykkjest syne god kjennskap til korleis hirdlive var hjaa ein stor konge. Ein hirdskald skulde ein tru var upp havsmannen, og daa helst ein av hirdskaldane til Harald. Hev sogo um brørane upphave sitt fra Nordland, kunde ein daa tenkje seg at Grimnesmaal var sett ihop, med kong Harald heldt seg i Trondheim, der folk fraa heile lande flokka seg um han. Det vilde daa vera eit sidestykke til Rigstula; same tanken um at Odin er Haralds raadgjevar og ven vart det i baae. Langt fraa kvarandre i tid kunde dei heller inkje vera. 65 Merkelegt er det drage, at skalden blandar si eigi meining inn, der han i fyrimælingi segjer at det var berre heimløysur det at kong Geirrod skulde vera slik ein matniding. Dersom han med dette hev tenkt paa Halvdan, lyt ein tru at skalden hadde vori Halvdans ven og vilde jamne paa det orde som No er det ein av hirdskaldane hans Harald som og hadde vori skald til Halvdan far hans. Han het Audun og hadde høgst plass av alle skaldane til Harald. Difor karm ein godt tru at Audun er upphaysmannen. Kvar Audun var ifraa veit me inkje, men vonleg heldt han seg mykje paa austlande hjaa Halvdan svarte. Paa aust lande er det ogso ymse namn som minner um Grimnesmaal (Valaskjoll, Sekkebekk, Gladheim, Tund). Men for mykje torer ein inkje byggje paa dette, daa ein inkje karm segja fullvisst kva som" er upphavlegt og kva som er innskot. I innskoti er det meir som ein finn att paa austlande. Den meiningi er truleg, at Grimnesmaal og Vavtrudnes maal hev same upphavsmannen, kann-hende ein austlending. Innskot. 11. Tnjmheim, den durande heimen. Risen Tjasse røva Idunn ved hjelp av Loke, som laut skaffe ho heim att. Tjasse fylgde i fugle-ham heilt til Aasgard, men datt ned i etden og døydde. Um dette er det fortalt i kvæde Haustlong. - Skade, dotter hans, kravde bot for far sin, og fekk velja til mann den av æsine som hadde fagraste føtar. Ho meinte dette skulde vera Balder, men det vart Njørd ho soleis fekk; fortel Snorre. 12. Breidablik, straalande vidt og breidt. 13. Himinbjørg, himil-berg. 14. Folkvang, bustaden der her-flokkar samlar seg. —r Med Frøya, fruga, trur dei det her er meint Frigg. 15. Glitne, den glitrande heimen. Forsete, han som sit fremst, fyrimann, præses, son til Odin. Forsetegard paa Onsøy, Austfold. Han karm inkje ha vori vidkjend og inkje nokon gamall gud, elles hadde sonen loti hemne far sin. 17. Vide, skog-heim. Vidar (skogmann eller vidfaring) held seg iro i skogen eller paa viddi, 1) langt burte fraa folk, alt til tidi kjem daa han skal gjera storverke sitt. (Sjaa Vay trudnesmaal og Voluspaa). 24. Bilskirne, den bustaden som bilom-til er skir (upp lyst av ljon). 27. Elvenamn: Sid, som gjeng djupt nede. — Vid, den ') Tenkjelegt var det ogso, at Vidar tyder mannen i tree; soleis at, daa Odin fall, livna han upp i tree sitt, og derifraa spratt han ut att til nytt mannsliv og kalla seg Vidar. Sml. evenlyre um n ospe-kulten" og evenr tyr fraa Ægypt og Hellas og Vavtr. 45, Voluspaa 17, Haav. 49. Edda-kvæde. 5 66 vide (Vida, Snaasen). — Sokin, av søkja (Sokna, Lærdal, Ringe rike, Gauldal). — Eikin (Eika?, Sogn, Eiker, S. upplandi). — Sval, den kalde (kann-hende i ymse elvenamn i Norig). — Gunn-tro (Tro, renne, elvenamn mange stadir). — Fjorm, den hastige (Trondh , Agd., Rog). — Fimbiil-tul, den store mul laren. — flin (Tyskland). — Rennande (Renna mange stadir). — Gipul og Gopiil, den som gapar (Gipa, Vald.) — Geirviniul, den som tumlar med spjot. — Tyn (sml. Tyne i Bretland). — Toll (Toll-aa, Nordl.). — Holl, den som hallar. — Giinn-torin, den som er djerv i strid. 28. Vina = Dvina. — Tjod-niuna, av nema (sml. Nume dal). — Nyt og Naut, av njota. — Komi, den raske (Nannar aanæ, Vestf.; Nannestad, Rom.) . — Slid, den leide (Slidre, Vald.; Sli-vatn, Sunnin.). — Sylg, den svelgjande (Svelgjande, Voss, Tel., Austf; Solg?, Vaagé). - Ylg, ulv (Ylgja, Vald.). — Vil, vonløyse — Von (Folddal, Gauldal). — Gjoil, den brusande; yyir ho gjeng Gjallar-brui (Gjellestad, Austf.; Gjellebekk, Lier; Gjelldal, Vanse). — Leipt, den som glimtar. 29. Korint, elles det gamle namne paa Karm-øyi. — Kjer laug, laug i kjer; el vi syd vel som varmt laug, naar Tor vassar ho (Kjær-sund, Austf.) — Aasbrni, Biv-rost, stend i loge, naar Tor fer fram, difor maa han vasse elvane (sameleis vassar Herakles ofte elvar). Vér-bogen er kalla ei bru iei gaate fraa Tel.: Der gjeng'e ei bru ivi ei aa, inkje er ho roti, inkje er ho raa, inkje er ho gangandes, hoggandes paa. Yggdrasils ask. Den eldre tydingi (S. Bugge) er slik: Tree heiter Ygg-drasil, Yggs (Odins) hest, og hev dette namne fordi Odin rid i det, aa kalle, med di han heng i tree (Haava maal 138). Sml. talemaaten ride Odins hest' = verte hengd. H. Schuck tyder Ygg-drasil beintfram skråckhesten", fraa det fyrste eit namn paa Odin, og seinare paa tree, som ofra hestar vart hengde i. Sidan sa folk ura den som vart hengd i tree, at han reid den øgjelege hesten. Det karm vera tvil um kva den eldste formi er. Den beste handskrifti skriv i v. 32 Yggdrases ask. Og dette er kanskje den upphavlege formi. Ygg er Odin. Drase maa vera likt trase, som Vavtrudnes maal brukar til aa gjera namn lenger med, so det fell betre i verse (Liv, Livtrase v. 45; Mog, Mogtrase v. 49). Yggdrase skulde daa vera namn paa Odin. Drasil tyder hest; og Ygg drase vart gjord til Ygg-drasil for di ein tenkte seg Odin som hest (sjaa namne Jaalk v. 49). Yggdrasils ask tyder daa Odins ask, den same som i v. 25 vert kalla Lærad, tun-tree ved Val hall. Yggdrasil er i Svipdagsmaal namn paa ein dverg. 30. Hestenamn. Glad, straalande, er etter Snorre den same som Skinfakse. — Gylle, den som forgyller. — Gler, glansande — Skeid-brime, han som fer yvir skeide lik ein eld. — Silvrin-topp, sylv-topp. — Sine, den som hev sterke 67 sinar. — Gisl (geisle), straalande. — Fal-hovne, med hov som høver foten liksom falen høver spjotskafte. — (iiilltopp var etter Snorre hesten til Heimdall. - - Lettfete, lettfot. — 10 hestar er her nemnde. Sleipne er den ellefte. 31. Snorre fortel litt annarleis, at den eine roti er hjaa æsine og ei yvir Nivlheim. 32. Ratutosk (av rate, rotte, som var kjend i England ved dette leite) meiner Bugge er eit engelsk ord. Paa ein kross ved Bewcastle i Cumberland med angelsaksisk rune innskrift er det bilæte av ein ranke som fleire dyr ét av, øvst tvo fuglar, ogso tvo ikorn, nedpaa drakar eller ormar. I ein fabel av Phaedrus er det fortalt um ein villkatt som ber ovunds-ord millom ørni i eike-toppen og villsvine ved roti. Ørni er kanskje meint som eit symbol paa æsine (Odin heiter Arnhovde), ikorne paa Loke, og draken Nidhogg (ni<s, lyst og stræv til skade for andre) paa jøtnane. Snorre fortel at millom augo til ørni sit hauken Vér-folne. 33. Daain og Dvalin ogso dvergenamn (Haav. 143, Vol. 14). Hjortane er symbol paa øydeleggjande kraftir. -- Dura-tro, den som er tråa til aa halde seg ved døri. 34. Moin (av mo). — Grav-oilne, beist som grev. — Grav vollud, den som grev vollen. — Ovne (veva, flette, slengje) og Svaavne (den som svæver) er ogso namn paa Odin (segn um at han skapte seg til orm) v. 54. 35. Treleggen folnar. Ein legende fortel at livsens tre stend utan bork og blad. — Ormen i Paradis er det, meiner S. Bugge, som hev vorti til Nidhogg som riv i roti. Ei tru var det ogso at hardhuga syndarar skulde verte orme-mat i helvite. fl Under det turre ris kryp ormen," heiter det i eit gamalt tysk kvæde. 37. Aarvak, den som er tidleg vakin. Vak heiter hesten til Morgon i eit vers hjaa Snorre. — All-svinn, full-snøgg. Fraa det fyrste var det vel berre ein solhest, som kunde hava fleire namn.* — I staden for kalde jarn nemner Snorre vindbelgir til aa svale hestane. Vindbelg tyder no (Orkdalen) en tvk sky som synes at bebude regn". 38. Svalin, den som gjev svaling. — Skinande gud ér soli kalla ogso i Sigrdrivumaal, som like eins nemner skjolden og hestane. 39. Sol-idvane, sjaa Vavtr. 47. Voluspaa segjer at ei gygr er mor deira. Skoll; Skalle heiter han iei gaate i sogo um Hervor. Schøning nemner og ei segn um at ein som het Skalle var framme daa dei bygde domkyrkja i Nidaros. Namne tyder vel: den som er skall ut. — Hate; i sogo um Hervor heiter han Hatte; kvæde um Helge Hj. nemner risen Hale. Namne tyder: hataren. - - Rodvitne, del fræge beiste. Vernande ved. Naar soli gjeng ned, segjer dei endaa paa Island og paa Færøyane at ho «gjeng til viSar". Ved" karm tyde baade skog og tre, helst det siste, og soleis i Grimn. 44. Paa Island og Færøyane hev dei inkje skog, og i Norig, der det inkje er sletteland, vilde det heller inkje høve aa segja 68 v at soli gjeng ned i skogen, *) men bak aasen, bak skogen, eller i have. Er det meint eit tre, som soli gjeng ned i, og som gjev ho vern, so maa dette vera eit himil-tre. Snorre segjer at i Aasgard stend det tree (lund) som heiter Glase (straalande), og alt lauve der er raudt gull. Det er det fagraste tree (ved) hjaa gudar og menn. Og daa kjem dette i saman heng med gaatur um sol-tree: Tel.: Der stend eit tre i Billingsberge og drjuper utyvir eit hav. Hennar greinir lyser som gull. Eller: knappen kastar raude gull. (Soli). Vestlande: Det stend ei stong i bratte berg og sluter ut yvir have med raude gull og kaapa paa. (Solstraalane ved solar-glad). Færøyane: Strengir standa aa høge fjelle, standa ut av hav, kruna er av raude gull. (Soli og solstraalane). Soli segjer ein ogso n renn" og sprett" som eit tre. Og straale" og geisle" tyder ogso stav (sml. lat. radius). 39. Brur tyder kvende (og serleg trulova eller nygift kvende). I visa um Steinfinn Fefinnsson er det eit vers som talar um «den vene bruri som leikar paa fimom fote", og kvedaren sa til Landstad at med denne bruri skulde det vera meint soli. 40. Med nokre avvik det same som Vavtr. 21. 41. Midgard, midt-gjerde, skjermen mot risane. Orde finst ogso i gotisk, gamalltysk og angelsaksisk. Midelheim i ein tryllevess fraa Sunnm., Middelhjem i ei dansk vise. 43. Ivalde, den som styrer i, der inne (i jordi), dverge namn. Snorre fortel at sønine hans gjorde gullhaare til Siv og spjote Gungne. — Skid-bladne, skipe som er sett ihop av tunne spønir. Snorre segjer at ein karm leggje det saman. Tanken er komin fraa eventyri, som fortel um slike skip endaa. 44. Bilrost (svikande veg) = Bivrost (bivrande veg) hjaa Snorre, regnbogen, brui um dagen, liksom Stjernebrauti (bilæte aat Gjallarbrui) er brui um natti. Brage (brag, skaldskap) gud for skaldskap, ei side av Odins eiginskapar utskild til guddom. Det er ingin grunn til aa tenkje at det er skalden Brage som er gjord til gud, og heller inkje at det er guden Brage som hev gjort seg til norsk skald. - - Haabrok het hauken hans Rolv Krake, som var eit konge-ideal for nordmannen. - - Garm, helhunden, etter S. Bugge umtyding av græsk Kerberos, sett i samanheng med >,garma", belja. Garm tyder i Trondheim ei klombr til aa verke lin med, og hev (etter Ross) paa kløftens overkjæbe gjerne et hande- eller heslehoved". , 54. Skilving (skjalv, benk), han som heng og dinglar. (Sjaa Haavamaal 138).

  • ..*.•!

I Innskoti er det ogso mangt som tyder paa at austlande eller Trondheim karm vera heimstaden. ') Berre i' SveHke vert det sagt at soli ,gaar i skog".


  1. Aagjæt, namngjetin, fræg.
  2. Mudd, feid, pels.
  3. Fatne, taka eld.
  4. Like, betaling.
  5. Tivar, gudar.
  6. Audkjent, lett aa kjenne.
  7. Drupe, (Tel., Num., Hall.) hange, bøygje seg ned. V. 11—17 og 24 (innskot) kjem etterpaa.
  8. Sjode, koke.
  9. Uner, likar seg.
  10. Mjelte, den mjølki ein fær ved kvar mjolking. V. 27—35, 37—41, 43—44 og 54 (innskot) kjem etterpaa.
  11. Vig, strid.


Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.