Den burtkomne Faderen/XVIII

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 41-44).
◄  XVII
XIX  ►

(Kveldsukk.) Endaa ein Dag.
Ein gagnlaus lang Dag.
Og endaa ei Nott.
Ei kvilelaus lang Nott.
Det sprengjer i Haus.
Det verkjer i Barm.
Det rykkjer, bankar, brenn.

Og dette held paa,
utan Slutt.
Betre, verre;
vondt æveleg.
D’er Ormen som ikkje døyr,
Elden som ikkje sloknar.
Aah.
Den som visste kva det skal vera godt for.

Aa du der uppe — nei, nei.
Eg bed ikkje.
Kven skulde eg beda til.
Men alt Folk fær døy.
Gamle og unge.
Stort og smaatt.
Alle sloknar dei
og vert gøymde.
Sterke friske Folk
døyr for eit Godt Ord.

Men ein Arming som gjeng her
og korkje kann leva eller døy,
han skal gaa og dingla
til Domedag.
Er der Meining i slikt?

Eg orkar ikkje dette.
Eg kann ikkje arbeida um Dagen;
eg kann ikkje kvila um Notti.
Mine Tankar folnar,
som Lauv fell.
Og paa denne Spanestolen som heiter ei Seng
skal eg rekkjast og strekkjast ei lang Nott,
og fraa Spanestolen skal eg i Morgo
inn i den Spikertunna som heiter Dag
og rulla og rivast paa kvasse Oddar.

Og ingen aa klaga seg fyri
elder klaga paa.
Ingen Styrar.
Ingen som hev Andsvar.
Anarki.
Kvar gjer som det er godt for hans Augo;
kvar lid som det er verst for hans Rygg.

Aa rolegt, rolegt,
du Hjarta der inne!
Eg vil sova;
eg vil lura han av.
Berre eg kunde faa snu meg til,

so eg ikkje høyrde Hjarta mitt,
og alle desse urolege Pulsarne
og all denne Susing og Banking
av eit Liv i Uppløysning.

Aah.
Notti er best likevèl.
For daa er her stilt.
Ingen lær og ingen skrik.
Og det gjeng ikkje i Dørerne.
Og dei kjem ikkje med Rekningar.
Og ingen segjer: versgod kom faa Mat.
Naar ein berre ikkje turvte staa upp att!