Den burtkomne Faderen/XLII

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 99-102).
◄  XLI
XLIII  ►

Han segjer, at dei som ingen Gud hev skal halda seg til Verdi. Eg spør kva dei skal gjera som ingen Gud hev, og som er færdige med Verdi.

Han lær. «Dei fær samla Frimerke. Men,» legg han til, «ferdig med Verdi er ingen.»

Eg meiner at so gamall kann ein bli. Han svarar: «er du ferdig med Verdi, so er du ikkje gamall.

For ikkje Ungdomen elskar Verdi; den elskar sin Draum; og ikkje Manndomen elskar Verdi; den elskar sin Strid; Alderdomen elskar Verdi.

Verdi som ho er, utan Umdikting eller Draum, Gull og Magt, Høgd og Glans, Mat og Vin, Kvende og godt Mak, just det verdslege i Verdi elskar Alderdomen.

Men elskar det med Hât og Hjartans Brand; for han veit at han er uppsagd. Og han veit, at um Verdi enno smiler til han, so gjer ho det for Løn; og naar han tek henne med Magt ligg ho kald i hans Arm; og ho lær aat hans Elskhug. Daa hatar han henne. Men ho lær aat hans Hat; og han er bunden i sin Elsk og sin Aabryskap.

Sæl den som slær upp med Verdi i god Tid! Drygjer du til ho slær upp med deg, drygjer du stridt lengi.

Og naar du kjenner, at det vonde Hate vaknar i deg, det Hate som er umetta Elsk; daa skal du spyrja um Raad; for daa spøkjer det for deg.

For med dette Hat skal me kje hata Verdi. Me skal ikkje hata Verdi.

Verdi er god. Um ikkje til aa byggja paa.

Blom i Eng er venare enn Salomon med alle hans Diamanter; og du hev Hugnad av Blomen, naar du brukar han som ein Blom. Men segjer du: det er ein Diamant; og du legg han i Ringskrine ditt, og gøymer paa han, og trøyster deg til han som til ein Skatt, so er han visna naar du tek han fram, og du segjer med deg sjølv: alt er Faafengd.

Men Verdi er ikkje Faafengd, for di um du er eit Narr. Og fri av Verdi er ikkje den, som er ferdig med ho.»

«Men eg er ferdig med Verdi.»

«Prøv aa gjera deg fri av ho, so fær du kjenna kor ferdig du er.»

«Kva skal eg gjera meg fri av?»

«Hev du kje so mykje som eit Hat?»

Eg tagnar.