Den burtkomne Faderen/VIII

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 20-21).
◄  VII
IX  ►

«Aa ja, Namne,» sagde eg; «no kann det snart vera paa Tidi, at du grev meg og ned.

Eg turkar og visnar. Ikkje veks eg sjølv, og ikkje veks noko etter meg.

Eg er som dei ville dyri. Hola mi hev eg og inkje noko meir. Ingen vil sakna meg. Eg høyrer ikkje til under noko Tak, og eig ikkje Rom i noko Hjarta.

Det eg aatte der ute vart teke ifraa meg. Men det eg hadde her heime hev forfarest. Eg var burte og tok ikkje Vare paa det. Vind og Væte hev øydt det; Skót og skavande Tenner hev ete det upp. Folk hugsar meg ikkje. Og min eigen Bror er ein framand for meg.

Heimlaus gjorde eg meg, og heimlaus vert eg verande. Det kjem attum no, at eg rømde min Veg og ikkje høyrde paa Bønerne hans Far og ikkje tenkte paa Graaten hennar Mor; eg var som ein av Sønerne dine, Gunnar.

Berre grav meg ned. Grav meg djupt ned, Gunnar.»