Den burtkomne Faderen/I

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 1-3).

Eg hadde levt som den burtkomne Sonen og var som han komen i Naud; men daa eg som han søkte heim att, var Faderen burte.

Eg gjekk til Prestarne og sagde: «kjære, finne meg att Faderen! for eg hev sett til mi Kraft og mi Von og alt mitt Liv og maa døy; og han er den einaste som kann hjelpa meg.»

Og dei song sine Songar og mana med Bøner og sterke Ord. Men Faderen saag eg ikkje.

Eg gjekk til dei vise og sagde: «kjære, finne meg att Faderen! for eg hev spillt mitt Liv og er i Naud, og er aaleine og rædd, og sjuk; og han er den einaste som kann hjelpa meg.»

Og dei røynde sin Visdom og sine Sjaa-glas, og rekna seg gjenom Himlar og Heimar og ransaka Stjernetaakur og Avgrunnar; men dei sagde: «Faderen er burte, og me finn han ikkje.»

Og ein av dei eldste sagde til meg: «Er du og ein av dei, som leitar etter Faderen? Eg skal segja deg ein Ting. Den som leitar finn, men ikkje det han leitar etter.

Faderen er den, som Baani skapte i sitt Bilæte; og dei gjorde han stor, og sette han upp for seg til ei Trøyst og ei Hjelp; for dei var smaae og kunde ikkje vera faderlause.

Men naar dei vert større, og er ufornøgde med Heimsstelle, og ikkje fær Hjelp naar dei bed, og ikkje Svar naar dei spør, daa gjeng dei paa Leit etter Faderen og finn seg sjølve.»

Eg gjekk til dei som ser Syner og hev Draumar og manar Aander og granskar dulde Ting; og eg sagde: «Kann De visa mig Faderen?»

Men dei viste meg Skuggar. Og Skuggarne svara paa det som eg ikkje spurde um.

Daa vart eg leid og leitte ikkje lenger.